Vindkast gjorde at MF «Fedjefjord» grunnstøytte

SÆVRØY (NRK): Med 15 passasjerar om bord, gjekk ferja på grunn på veg til Fedje onsdag føremiddag. Undervassrobot skal undersøke skadene på ferja.

MF Fedjefjord grunnstøting Sævrøy

KASTA ANKER: Innsatsleiar i politiet, Frank Listøl, fortel at årsaka til grunnstøytinga var sterk vind. Ferja måtte kaste anker og vente på slepebåt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det var Hovudredningssentralen som meldte at MF «Fedjefjord» grunnstøytte like utanfor kaia på Sævrøy i Nordhordland i føremiddag.

Ifølge BT, som først melde om grunnstøytinga, fekk alle passasjerar om bord på seg redningsvest.

Ferja var på veg frå Sævrøy til Fedje, då trefte land på babord side på veg ut mot open sjø. Skadene på baugen var godt synlege då ferja kom mot kai igjen.

– Situasjonen er under kontroll. Ferja går tilbake til kai for eiga maskin, meldte HRS.

Fedjefjord på grunn

REDNINGSVEST: Passasjerane har tatt på seg redningsvest og ferja skal få hjelp av slepebåt.

Foto: Anne Gro Gulla / 03030-tipser

– Eit skikkeleg vindkast

Innsatsleiar på staden, Frank Listøl i politiet, fortel at årsaka til grunnstøytinga var sterk vind.

– Ferja fekk eit skikkeleg vindkast i sida. På den måten mista ferja retning, grunnstøytte og fekk skadar på thrustarene. Ferja mista dermed også moglegheitene til å navigere og slapp anker for å vente på slepebåt.

Listøl fortel at politiet snakkar med mannskapet på ferja og gjer undersøkingar saman med brannvesenet.

– Kapteinen er i avhøyr med politiet og bekreftar at vinden sette ferja ut av drift.

Det er bestilt både dykkarar og undervassrobot for å sjå skadeomfanget på ferja under vassoverflata.

– Sjøfartsdirektoratet er på veg for å undersøke fartøyet før det kan forlate kaien, seier kommunikasjonsdirektør Marianne Frønsdal i Norled.

MF Fedjefjord til land med hjelp frå losbåt

TRYGT TIL KAI: Alle passasjerane har klokka 12.00 kome seg av ferja. Ferja fekk hjelp av slepebåt til å kome seg inn til kai etter å ha gått på grunn.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Gjekk på land på veg til Fedje

Ifølge reiarlaget Norled var det 15 passasjerar og eit mannskap på sju om bord. Ingen skal ha blitt skadd i grunnstøytinga.

Anne Koppang var ein av passasjerane på ferja. Til BT fortalde ho at ferja køyrde inn i fjellsida på ei øy på veg ut frå Sævrøy kai.

– Vi høyrde fleire kraftige dunk og vart sjølvsagt vettskremde. Me har fått på oss redningsvestar og ligg no utanfor ferjeleiet og ventar på ein losbåt, fortel Koppang til NRK.

– Hol i skroget

Norled seier dei er i dialog med mannskapet og passasjerane på ferja. Koppang seier dei fekk beskjed på ferja om at det var gått hol på eit av skroga på ferja.

– Me forstår at dette kan oppfattast som svært dramatisk for dei reisande og det beklagar me sterkt, seier Frønsdal i Norled.

Skyssbåt fraktar passasjerar

Det er berre ei ferje som trafikkerer sambandet Fedje – Sævrøy, så alle avgangar er naturleg nok inntil vidare innstilt.

Det blir sett opp skyssbåt for transport av passasjerar. Første båt hadde avgang frå Sævrøy klokka 12.30.