Hopp til innhold

Ferja som samlar og splittar

UTNE-KINSARVIK (NRK): To av dei ypperste ferjekaiene i verda. Her kjem du rett inn i hjartet av bygdene, med alt dei har å by på.

MF Jondal

NULL NOSTALGI: Ingen nostalgi og oppleving til ferja, men dei sjarmerande kaiene trekk opp.

Foto: Oddgeir Øystese

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket.

Kva hjelper det med fin natur når passasjerane vert stua under dekk?

Oddgeir Øystese

I dag er det ferjestrekninga Utne-Kinsarvik med MF «Jondal» som står for tur. Dei resterande 17 ferjestrekningane vert evaluerte fortløpande. Den fyrste ferja fekk middels karakter.

Dårleg tilbod

Ferja mellom Utne og Kinsarvik bind saman austsida av Ullensvang med vestsida. Men avstanden over fjorden er større enn nokon gong.

Søskenbarna Sara Nå Aga og Håvard Sivertsen Nå er på veg til sommarjobben i Mikkelparken i Kinsarvik. Dei må ta MF «Jondal» over fjorden. Men problemet er at siste avgang heim er 17.45.

– Ofte har eg vakt til 19.30. Så må eg gå to timar tidlegare. Eg tapar sjølvsagt mykje på dette, forklarer Håvard.

– I tillegg har ferja ei lang pause midt på dagen.

sesonarbeidere

DÅRLEG TILBOD: Søskenbarna Sara Nå Aga og Håvard Sivertsen Nå er på veg til sommarjobben i Mikkelparken i Kinsarvik. Dei må ofte gå to timar tidlegare frå jobb for å rekkje siste ferje heim.

Fall i passasjertalet

Etter at Hardangerbrua vart opna, mista sambandet mange av passasjerane sine. Hordaland fylkeskommune såg ikkje anna råd enn å kutte i rutene for å spare pengar. Det har ført til opprør blant folk i Ullensvang.

– Det er mange som bur på eine sida av fjorden og jobbar på andre, forklarer Sara.

– I tillegg er det vanskeleg å delta i politisk arbeid og i foreiningar når fjorden stenger halv seks.

utne-kinsarvik

Dette meiner NRK om ferjestrekninga Utne-Kinsarvik:

Overfart og kaier: 8

Kinsarvik og Utne er to av dei ypperste ferjekaiene i verda. Her kjem du rett inn i hjartet av bygdene, med alt dei har å by på. Overfarten går gjennom framifrå fjordlandskap. Då eg tok ferja, var alt i tåka, men det er jo knapt ferja sin feil.

Fartøyet: 3

Men kva hjelper det med fin natur når passasjerane vert stua under dekk? Rett nok har MF Jondal fått to fine vindauge ut, men der er det berre få som får sjå. Mange har nok reist skuffa over fjorden, sjølv om det er sett ut benkar oppe som kan nyttast på finversdagar. Store deler av ferja luktar diesel, toaletta luktar noko anna.

Service og fasilitetar: 2

Inga servering om bord. Her må vi óg ta med at ferja ikkje går om kvelden og har ei lang pause midt på dagen. Det gjer den til eit svært utilgjengeleg reisemål. Gode tilbod på kaiene gjer at dei unngår botnkarakteren.

Nostalgi og oppleving: 3

Ingen til ferja, men dei sjarmerende kaiene trekk litt opp. Særleg må ordninga i Kinsarvik nemnast. Her må ein køyre ut på riksvegen for å kome frå oppstillingsplassen og om bord i ferja.

Kinsarvik

SJARMERANDE: Ordninga på Kinsarvik kai må nemnast. Her må ein køyre ut på riksvegen for å kome frå oppstillingsplassen og om bord i ferja.

Foto: Oddgeir Øystese

Score: 16 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks