Hopp til innhold

Ferja som heng i ein tynn tråd

DUESUND-MASFJORDNES (NRK): No kan det gå mot slutten for Hordalands einaste kabelferje. Sambandet mellom Duesund og Masfjordnes kan bli byttet ut med bru.

DM-2

KABEL: Duesund-Masfjordnes er ei av få kabelferjer i drift.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Trykk på pilane og naviger deg rundt på ferja og kaia!

I sommar kan du vere med på alle dei 19 ferjeturane i fylket.

Vi må gje poeng for kabeldrifta. Det er nok til å halde ein fascinert i om lag 10 minutt.

Oddgeir Øystese

I dag er det ferjestrekninga Duesund-Masfjordnes med MF «Fjon-M» som står for tur. Dei resterande 15 ferjestrekningane vert evaluerte fortløpande.

Duesund-Masfjordnes

– Om ein har arbeid på ei ferje, kan ein ikkje heie på brua, seier Arve Rødland som er kaptein på «Fjon-M».

– Men eg forstår jo at folk vil ha bru.

DM-1

SIKKER: – Ei kabelferje har ei meir effektiv drift, den er driftsikker, og sjansen for å gå på eit skjær er liten, seier kaptein Arve Rødland.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Politikarane i Masfjorden har lenge ivra for å samle kommunen med ei bru, heller en ei kabelferje. No er dei nærare å nå det målet enn nokon gong. Dermed kan det bli andre kablar over den 750 meter breie Sandnesosen.

Mange fordelar med kabelferje

Enn så lenge kontrollerer Rødland den unike ferja for reiarlaget Wergelandgruppa.

– Ei kabelferje har fleire fordelar. Den har ei meir effektiv drift, den er driftsikker, og sjansen for å gå på eit skjær er jo liten.

– Får du ikkje av og til lyst til å køyre til styrbord eller babord?

– Av og til kunne det vore fristande å ha den mogelegheita. Men no har eg no blitt så vand til å følgje kabelen fram og tilbake.

Dette meiner NRK om Duesund-Masfjordnes

Overfart og kaiar: 5

Det er faktisk ein triveleg liten tur over Masfjorden. Ein lurer på kva som skjuler seg lenger inne.

Fartøy: 5

Ferja har det kryptiske namnet «Fjon-M». Den er ganske liten, og sidan overfarten berre tek 10 minutt, vel nok dei fleste å bli sitjande i bilane. Men den har ein heilt OK sidesalong. Kabeldrifta gjev ein stille overfart.

Service og fasilitetar: 3

Kaiane er heilt utan fasilitetar. Toalett om bord, og det er sympatisk nok kaffetraktar i salongen.

DM-3

SALONGEN: Her sit ikkje mange på den ti minutt lange turen.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Nostalgi og oppleving: 4

Vi må gje poeng for kabeldrifta. Det er nok til å halde ein fascinert i om lag 10 minutt.

Totalt: 17 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks