Hopp til innhold

Ferja som har alt

UTÅKER-MATRE-SKÅNEVIK (NRK): Dette er i det heile ein tur alle ferje-entusiastar bør koste på seg før MF Kvinnherad har gjort sin siste fjordkryssing.

Rygge inn på MF Kvinnherad

MED RYGGEN TIL: På Matre mo somme bilar rygge om bord. Det gir plusspoeng i boka til ferjeentusiast Oddgeir Øystese.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I sommar kan du vere med på alle 19 ferjeturane i Hordaland. I dag er det ferjestrekninga Utåker-Matre-Skånevik som står for tur. Dei andre evaluerte ferjestrekningane kan du lesa om her.

Utåker-Matre-Skånevik

Medan kafeteriane er i ferd med å forsvinne frå Hordalandsferjene tilbyr dei heimelaga mat på ferja mellom Kvinnherad og Etne.

– Dette er ei positiv overrasking. Det beste sambandet me ha reist med. Det seier Tor Arne Klokkervold. Saman med Anne Opsahl har han sykla Hordaland på kryss og tvers dei siste vekene.

På Matre må somme bilar rygge om bord, det er og eit stort pluss.

Oddgeir Øystese

– Naturen og utvalet i kiosken er fantastisk. Og så er det så koseleg her oppe i salongen.

MF Kvinnherad2

SYKKELTUR: Anne opsahl og Arne Klokkervold har sykla Hordaland på kryss og tvers dei sistte veken. Dei er godt nøgd med MF Kvinnherad.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Veteran

Kaptein Martin Skumsnes hadde sin første arbeidsdag i sambandet i 1970. Han set og pris på overfarten.

– Det er eit rolig samband. Ferja er jo gamal, men fungerer godt. Me har det meste om bord, seier Skumsnes. Han ville sjølv ha gjeve sambandet karakteren 7 av 10.

MF Kvinnherad

FORNØGD: Kaptein Martin Skumsnes elskar jobben.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dette meiner NRK om ferjestrekninga Utåker-Matre-Skånevik:

Overfart og kaier: 7

Det er storslått natur inst i Skånevikfjorden. Matre og Utåker er flotte kaier, og Skånevik vert av somme omtalt som «Sunnhordlands perle». Turen går somme stader nær land, og me ser gamle og velhaldte garder.

MF Kvinnherad
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ferja: 6

MF Kvinnherad har tent sunnhordlandske ferjepassasjerar sidan 1979. Ferja virker slitt, men verkar godt vedlikehaldt. Den har ein praktfull salong oppe, og godt med uteareal.

Salong MF Kvinnherad
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 8

Det er i det heile ein gledeleg overrasking at eit samband med så lite trafikk har ein open kafeteria. Og denne serverer heimelaga svele, heimelaga vafler, heimelaga potetstappe og det er komlemiddag kvar torsdag!

Kantine-MF Kvinnherad
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein passasjer kommenterte at det lukta friskt og reint på toalettene. Dei er tydeleg nyoppussa. Det som kunne løfta dette heilt til toppkarakteren var «Dugnadskafeen» på kaien på Utåker. Dessverre virka det som den var nedlagt.

LOGO ferje
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 6

Her fann eg den HSD-logoen frosta inn i glaset i salongen. Vakkert! På Matre må somme bilar rygge om bord, det er og eit stort pluss. På veg til Matre køyrer me og forbi den gamle, vakre ferjekaien. Dette er i det heile ein tur alle ferje-entusiastar bør koste på seg før MF Kvinnherad har gjort sin siste fjordkryssing.

27 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks