Hopp til innhold

Drapssikta fengsla i fire veker

Politiet fekk medhald i tingretten og den 30 år gamle drapssikta kvinna frå Filippinane er fengsla i fire veker med isolasjon og medieforbod.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Politiet fekk medhald i tingretten og den 30 år gamle drapssikta kvinna frå Filippinane er fengsla i fire veker med isolasjon og medieforbod.

Før fengslingsmøtet var det klart at politiet ville be om fire veker i varetekt for den 30 år gamle kvinna som er sikta for overlagt drap på ektemannen Helge Irgens (61).

Dei fekk medhald av dommaren i Nordhordland tingrett. Kvinna blir også fengsla med isolasjon og medieforbod.

Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører.

Ifølgje forsvarar Jannicke Keller-Fløystad erkjenner kvinna ikkje straffskuld. Forsvararen anka avgjerda på staden.

– Min klient er uforståande til fengslinga og kan ikkje forstå dette. Ho har hatt god kontakt med familien i Noreg også etter drapet, og kom frivillig tilbake etter eit ferieopphald i utlandet, seier Keller-Fløystad til NRK.

Kullosforgiftning

Det var i juni i fjor sommar at 61 år gamle Helge Irgens vart funne død heime på Telavåg i Sund kommune utanfor Bergen. Sidan politiet vurderte dødsfallet som uventa, vart avdøde sendt til obduksjon.

Den viste at Irgens døde av kullosforgiftning. Politiet meiner den 30 år gamle kona frå Filippinane forgifta ektemannen sin, men sjølv erkjenner ho ikkje straffskuld.

– Politiet ønskjer at den sikta blir underlagt isolasjon og medieforbod av omsyn til den vidare etterforskinga. Vi etterforskar breitt og skal setje i verk fleire avhøyr og vidare undersøkinga, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland til NRK.

– Prega

– Min klient er sterkt prega og i sjokk over å ha blitt sikta for eit så alvorleg forhold, seier forsvarar Jannicke Keller-Fløystad.

Sentral i politiet sin etterforsking er datamaskina til 30-åringen. Den vart ifølge VG beslaglagd av politiet i fjor haust, noko kvinna samtykka til. Analysar av innhaldet på maskina syner ifølge Bergens Tidende at 30-åringen i tida før dødsfallet til Irgens, gjorde mistenkelege søk knytt til drapsmetodar og forgifting på internett.

– Fare for at bevis vert øydelagd

Kvinna reiste på ferie til Filippinane i desember 2014. I går fortalde politiadvokat Inger-Lise Høyland at dei fekk nye opplysningar medan kvinna var utanlands. Då ho returnerte til Noreg med fly tysdag denne veka, stod politiet klar på Oslo Lufthamn, Gardermoen.

Årsaka til at politiet bad om isolasjon og medieforbod er at dei fryktar bevis skal bli øydelagd.