Hopp til innhold

Fengsla i fire veker etter likfunn

To menn på 41 og 44 år er varetektsfengsla i fire veker etter likfunnet i ein hage på Minde i Bergen.

Mistenkelig dødsfall på Wergeland

Mannen vart funnen utanfor eit hus på Wergeland, sør for Bergen sentrum.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

To menn er sikta etter at ein mann frå Litauen vart funnen død i ein hage på Minde i Bergen torsdag føremiddag.

Kort tid etter likfunnet vart ein 41 år gamal austeuropear arrestert og sikta for lekamsskading med døden til fylgje.

Seinare same dag vart ein 44-åring arrestert for å ha medverka til at mannen døydde.

Ba om fire veker

Laurdag føremiddag møtte dei til fengslingsmøte i Bergen tingrett.

Politiet ba om fire veker i varetekt med brev og besøksforbod for begge dei to sikta.

– Årsaka er vi fryktar bevis kan gå tapt, sa politiadvokat Eli Valheim til NRK før det første fengslingsmøtet tek til.

Politiet bad også om at fengslingsmøta går for lukka dører, og at rettens grunngjeving for avgjerdene blir unntatt offentlegheita. Det fekk dei medhald i.

To veker i isolasjon

Tingretten avgjorde først at 41-åringen må sitje i varetekt i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei to første vekene i isolasjon.

Mannen vil no vurdera om han skal anka avgjerda.

Seinare laurdag er det klart at tingretten kom fram til same avgjerd for 44-åringen som er sikta for medverknad. Også han vil vurdera om han skal anka avgjerda.

– Det var ikkje nokon grunn til å skilla på dei, etter mi meining, seier politiadvokat Valheim etter at rettsmøta er over.

Valheim vil ikkje kommentera på kva måte politiet meiner 44-åringen har medverka.

Saka held fram under biletet

Eli Valheim

Politiadvokat Eli Valheim ber om fire veker i varetekt for dei to mennene som står sikta etter funnen av ein død mann på Minde i Bergen.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Har tilknyting til adressa

Begge dei sikta mennene skal vere knytt til adressa der den døde mannen vart funnen.

Politiet har førebels ikkje konkludert med dødsårsak. Bergens Tidende skriv fredag at politiet jobbar utifrå ein teori om at mannen kan ha fryst i hel.

– Eg vil ikkje kommentera dødsårsaka nærare, sa politiadvokat Janne Heltne til NRK i går.

BAKGRUNN: Funnen død i hage

– Handla i naudverje

Steinar Yndestad har tatt over for Kaj Wigum som forsvarar for 41-åringen, som ba om å bli sett fri under fengslingsmøtet.

– Han har for så vidt erkjent dei faktiske forhold, men erkjenner ikkje straffskuld. Han har skildra ein sjølvforsvarssituasjon som enda galt, og det beklagar han, seier Yndestad.

Fredrik Verling forsvarar den medsikta 44-åringen.

– Han erkjenner ikkje straffskuld, seier Verling, som ikkje vil gå inn på kva klienten hans har forklart til politiet.