Hopp til innhold

– Han vart angripen og måtte forsvara seg

40-åringen som er sikta for dødsvald på Stord er varetektsfengsla i fire veker. – Han handla i sjølvforsvar, seier hans forsvarar.

Aktor og forsvarar i fengslingsmøtet etter dødsvold på Stord

FØR MØTET: Aktor Thor Buberg (til venstre) og forsvarar Kjell Steinsbø i samtale før det lukka fengslingsmøtet i Haugaland tingrett.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Fengslingsmøtet vart halde Haugaland tingrett i ettermiddag. Politiet bad på førehand om fire veker i varetekt for den sikta 40-åringen, og fekk medhald.

Mannen blir fengsla i fire veker, dei to første med brev og besøksforbod, bekreftar forsvarar Kjell Steinsbø til NRK. Under fengslingsmøtet forklarte den sikta at han handla i sjølvforsvar.

– Det var veldig viktig for han å få fram at han berre forsvara seg og kona mot eit angrep frå den avdøde, seier Steinsbø til NRK.

50-åringen vart funne av politi og helsepersonell med store hovudskadar. Han vart frakta til Haukeland sjukehus i Bergen, men livet stod ikkje til å redde.

– Fare for tap av bevis

Mannen er sikta for lekamsskading med døden til følgje. Politiadvokat Thor Buberg seier til NRK at fengslinga i dag var i tråd med det politiet ønskte. Fengslingsmøtet tysdag gjekk for lukka dører.

– Årsaka til at vi bad om brev- og besøksforbod, er at vi skal ha moglegheit til å gjere saka heilt ferdig, utan at vitne kan påverke kvarandre eller sikta.

– Det er faren for tap av bevis som gjer at vi bad om fire veker, presiserer Buberg til NRK.

Kripos på plass

Den sikta 40-åringen erkjenner dei faktiske forhold, og forsvarar Steinsbø seier mannen vil halda fram å samarbeida med politiet.

Samstundes held etterforskinga fram med full styrke. I dag kom Kripos til bustaden på Sagvåg på Stord, der den avdøde 50-åringen budde. Det er venta at Kripos vil halda fram med tekniske undersøkingar også i morgon.

– Vi er ikkje heilt ferdige med den biten. I tillegg skal vi gjera fleire avhøyr i saka, avsluttar politiadvokat Thor Buberg