Hopp til innhold

Sist dei streika, gjorde fem fangar nye lovbrot

Blir det streik frå måndag kan 90 innsette i Bjørgvin fengsel i Bergen bli sleppt laus på permisjon eller bli flytta til andre fengsel. Sist enda det med nye lovbrot.

Blir det streik frå måndag kan 90 innsette i Bjørgvin fengsel i Bergn kan bli sleppt laus på permisjon eller bli flytta til andre fengsel. Direktøren fryktar konsekvensane.

SJÅ SAK: Blir det streik frå måndag kan 90 innsette i Bjørgvin fengsel i Bergn kan bli sleppt laus på permisjon eller bli flytta til andre fengsel. Direktøren fryktar konsekvensane. Foto: Bengt Kristiansen/Jarl Omestad | Redigering: Kjersti Solhaug | Reporter: Ellen Sporstøl

Ein eventuell streik frå måndag vil få store konsekvensar om 11 000 statstilsette og mange tusen kommunalt tilsette legg ned arbeidet.

Skular og barnehagar kan bli stengt, og streiken vil også råke tilsette i alt frå fengsel, vegvesen, tollstasjonar og domstolar.

Direktør Harald Åsaune i Bjørgvin fengsel i Bergen er ein av dei som fryktar konsekvensane av ein eventuell streik.

– Det vil føre til store belastningar for den enkelte innsette. Enno verre er det kanskje at det kan føra til uvisse og risiko for andre råka.

Førre streik enda med lovbrot

Om det blir streik og kva konsekvensar det får for fengselet, veit han ikkje
før natt til måndag. Men direktøren i Bjørgvin fengsel snakkar av erfaring.

For to år sidan fekk streiken store følgjer då fengselet opplevde åtte alvorlege brot på permisjonen nokre av fangane fekk.

– Fem personar vart fengsla for ny kriminalitet, der eitt av tilfella var ein valdsepisode, forklarar Åsaune.

– Skapar press på arbeidsgjevar

Tomt klasserom

TOMT: Det kan bli tomme klasserom landet over frå måndag av.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Viss vi tar den tunge slutninga om å ta ein konflikt, så ynskjer vi å få staten tilbake til forhandlingsbordet så fort som mogleg, seier forhandlingsleiar Pål N. Arnesen i YS.

– Og då må vi ta ut områder som er synlege og skapar eit ekstra press på arbeidsgjevar.

I dag har partane i stat og kommune levert listene til riksmeklaren over dei mange som kan trekke på seg streikevestar i neste veke. Verken regjeringa eller kommunane vil kommentere saka medan meklinga går føre seg.