Hopp til innhold

Fem ungdommar frå Hordaland er stadfesta omkomne

Alle dei fem frå Hordaland som har vore sakna sidan sist fredag er no stadfesta omkomne.

Hvit rose
Foto: Tove Jensen / NRK

Fem ungdommar frå Hordaland blei meldt sakna etter skytetragedien på Utøya sist fredag. I går opplyste politiet at to av ungdommane var stadfesta omkomne.

I kveld kjem det melding frå politiet at dei tre siste som var sakna er stadfesta omkomne. Dei fem ungdommane er:

Tore Eikeland (21) frå Bergen

Tarald Kuven Mjelde (18) frå Osterøy

Monica Iselin Didriksen (18) frå Sund

Silje Stamneshagen (18) frå Askøy

Kevin Daae Berland (15) frå Askøy

Stoltenberg nemnde Eikeland i tale

Statsminister Jens Stoltenberg nemnde Tore Eikeland i sin tale i Oslo domkirke søndag. Eikeland var ein av Ap sine mest talentfulle ungdomspolitikarar, sa Stoltenberg.

– Eg hugsar han fekk heile landsmøtet i Arbeidarpartiet til å jubla, då han haldt eit engasjert innlegg mot EUs postdirektiv, og vann, mintes statsministeren.

Tarald Kuven Mjelde blir av vener skildra som svært lun, triveleg og samfunnsengasjert.

Vener skildrar Monica Iselin Didriksen som ei unik og sprudlande jente.

Silje Stamneshagen blir av medelevar skildra som ei glad jente som lyste opp skuledagen og kvardagen.

Om Kevin Daae Berland seier vener at han var ein kjærleg person som alltid var god mot alle.

Tenner fem lys ved Den blå steinen

Lystenning ved Den blå steinen

Marte Mjøs Persen og Harald Schjelderup i Arbeidarpartiet i Bergen tende i går lys ved Den slå steinen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hordaland Ap og Hordaland AUF har i kveld ei markering i Bergen.

Pål Hafstad Thorsen, fungerande leiar i Hordaland Ap, og Linn Kristin Engø, fungerande leiar i Hordaland AUF, vil kl. 18.30 gå frå Folkets Hus til Den blå steinen. Der vil dei tenna fem lys, til minne om dei fem døde frå Hordaland.

Les også: Ungdom frå Hordaland stadfesta omkomne

Politiet opplyser at alle dei omkomne etter terrorhandlingane i Oslo og på Utøya no er identifiserte.

Les også: Har offentleggjort 36 nye namn på drepte