Hopp til innhold

Fem personar redda ut med helikopter – gjekk seg vill ved Trolltunga

Utanlandsk turfølgje gjekk seg vill i tett snødrev – redda ned etter 14 timar i fjellet.

Tyssedal, Odda og Kinsarvik Røde Kors

REDNINGSAKSJON: 18 frivillige frå Røde Kors deltok i redningsaksjonen nord for stien til Trolltunga. Fem utanlandske turgåarar gjekk seg vill tysdag ettermiddag.

Foto: Tyssedal Røde Kors

SISTE: Klokka 21.39 melder politiet at helikopteret har redda ut alle dei fem turgåarane. Heile turfølgjet skal vera i god behald.

I snødrev og to grader ringde det utanlandske turfølgjet naudnummeret klokka 16.30. Då hadde dei fem turgåarane vore ute sidan klokka 07 tysdag morgon.

Etter over ni timar på tur, innsåg turfølgjet at dei hadde gått seg vill.

– Følgjer består av fire kvinner og éin mann. Alle skal vera i fin form, men dei er våte og kalde. Dei har truleg gått på feil sti på veg til Trolltunga og har enda opp eit godt stykke nord for den vanlege traseen, seier Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Trolltunga

TROLLTUNGA: Slik ser Trolltunga ut når snøen har smelta. I slutten av juni er det framleis snø i høgfjellet rundt det populære turistmålet.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

Har kontakt med turfølgjet

Tre er britiske medan to er amerikanske statsborgarar. Alle er i midten eller slutten av 20-åra.

Politiet bad raskt om assistanse frå det lokale Røde Kors-mannskapa i Indre Hardanger. Områdeleiar Stig Hope opplyste til NRK klokka 21.00 at mannskapet har kontakt med dei sakna. Då hadde Hovudredningssentralen (HRS) allereie gjeve klarsignal om å setja inn helikopter i søket.

Store ressursar rykkjer ut

Frivillige frå Tyssedal og Kinsarvik Røde Kors deltek i søket. I tillegg er frivillge frå Odda med i støtte. Totalt har eit mannskap på 18 delteke i aksjonen.

– Me går breitt ut då turfølgjet er eit godt stykke nord for stien. Dei er høgt i terrenget og det er dårleg vêr, seier Hope på telefon frå Skjeggedal.

Stig Hope i Kinsarvik Røde Kors Hjelpekorps og områdeleder Bjørn Arild Fjeldsbø

OMRÅDELEIAR: Stig Hope (t.v.) er områdeleiar i Odda, Tyssedal, Kinsarvik og Røldal Røde Kors. ARKIVBILETE

Foto: Røde Kors Hjelpekorps

– Krevjande og utfordrande

Talet på turistar som gjekk dei 24 kilometerane tur/retur frå Skjeggedal i Tyssedal til den populære fjellformasjonen, bikka 80.000 i fjor.

I 2017 er det venta at 100.000 personar legg bak seg den spektakulære turen. Dei aller fleste gjennomfører turen mellom juli og september.

I slutten av juni ligg det framleis mykje snø i høgfjella rundt det populære turistmålet. Områdeleiaren karakteriserer terrenget som krevjande.

– Turen til Trolltunga gir heilt andre utfordringar i dette føret.

Turfølge gikk seg vill mot Trolltunga

Nesten dobbelt så mange aksjonar hittil i år

Odda kommune har sett i verk fleire tiltak for å sikra tryggleiken til dei mange urutinerte turgåarane som legg ut på fjellturen. Røde Kors vil også ha skjerpa tiltak.

Talet på aksjonar er allereie nesten dobbelt så høgt som på same tid i fjor. Etter at juni var unnagjort i fjor, hadde mannskap frå Indre Hardanger Røde Kors redda ned turgåarar fire gongar.

Med kveldens redningsaksjon er talet oppe i sju.

– Turgåarane skal vera godt kledde, men dei har fått eit brutalt møte med den norske fjellheimen, seier operasjonsleiar Rebnord.