Hopp til innhold

Spekkhoggarar fanga i sund

Fem spekkhoggarar har svømt seg fast i eit sund i Austrheim. Dei har prøvd å koma seg ut, men utan hell.

Spekkhoggarar

SVØMT SEG FAST: Så langt ser det ut til at dei fem spekkhoggarane har det fint inne i vika på Toftegård i Austrheim.

Foto: JILL AALAND

– Alle kvaltypar som har kome inn her tidlegare finn ikkje vegen ut sjølv, ifølge folk som bur i området, seier Even Haugland.

Han er vakthavande befal i Austheim brannvern. Det var rundt klokka 16.45 at dei fekk melding om spekkhoggerne som hadde forvilla seg inn i ei lita vik i Toftegård i Austrheim.

Å komma seg ut derifrå er altså alt anna enn lett.

– Det er grunt her, og mange blindvegar som ikkje førar nokon veg. Dei har hatt nokon forsøk på å komma seg ut, men det er for trongt.

spekkhogger
Foto: JILL AALAND

Ber folk halda seg vekke

Haugland seier det ser ut som det er ei familiegruppe med eit par store og nokon mindre spekkhoggarar,

Brannvesenet har no sperra av inngangen til sundet slik at ingen båtar kjem seg inn.

– Me har også vore i kontakt med mattilsynet, og dei ber oss halda folk på avstand, slik at kvalane ikkje blir meir stressa.

Haugland oppmodar difor skodelystne om ikkje å ta turen til Toftegård.

Treng hjelp

No trengst det først og fremst nokon som er ekspertar på spekkhoggarar, fortel Haugland.

– Det er ikkje så lett å få tak i folk seint på ettermiddagen, me lurar blant anna på om det er teoretisk mogleg å leia dei ut her ifrå med båt.

Spekkhoggarane kan måtta overnatta inne i vika.

– Det blir nok vanskeleg å få gjort noko meir i dag. Men vika er relativt stor, så dei lir ingen nød, håpar me.

spekkhogger
Foto: JILL AALAND