Hopp til innhold

Fem omkom i helikopterstyrt

Politiet stadfestar at fem personar omkom då helikopter styrta i Ullensvang i Hardanger i kveld.

Helikopterulykke Kinsarvik

Sea King-helikopteret kom til Kinsarvik rundt 20.15 måndag kveld.

Foto: Inge Kristoffersen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Klokka 22.17 opplyste politiet i Hordaland at helikopteret styrta då det var ute på sin andre tur for å frakta hyttebyggarar inn i området.

Det var den første gruppa som blei flogen inn som melde frå om ulykka, opplyser politiet.

Klokka 20.56 stadfesta politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland politidistrikt overfor NRK at alle ombord i helikopteret er døde.

Seinare på kvelden opplyste politiet at dei ikkje kan stadfesta talet på passasjerar heilt sikkert, men stadfestar at tre har mista livet.

Airlift stadfestar overfor NRK at det var fem personar ombord i helikopteret. Tysdag ettermiddag vert det slått fast at alle fem omkom i ulukka.

Sperrar området

Politiet opplyser at havaristaden no er avsperra og at det blir vakthald gjennom natta.

– Eg har fått opplyst at helikopteret er heilt utbrent. Vi får ikkje gjennomsøkt vraket no, seier politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland til NRK seint måndag kveld.

Tysdag morgon kjem Havarikommisjonen og krimteknikarar frå politiet til ulukkesstaden.

– Pårørande er flogne ut av området og blir tatt vare på av kriseteam frå Eidfjord og Ullensvang, opplyser informasjonsrådgjevar Gry Benedicte Halseth i politiet.

Les og: Havarikommisjonen er varsla om ulykka og har sett ned eit team som vil handtera ulykka.

Dagleg leiar i Airlift Kinsarvik, Svein Ystaas, stadfestar til VG sin fotograf på staden at det er eit av deira helikopter som har styrta.

NRK veit at tilsette ved Airlift si avdeling i Kinsarvik får krisehjelp på staden.

Video Fem omkom i helikopterstyrt

Fem omkom i helikopterstyrt

Frå Airlift

– Politiet fekk klokka 19.17 melding om at eit helikopter frå Airlift hadde gått ned ved Vassli, mellom Dalamot og Busete, opplyser politiet i ei pressemelding.

Politiet opplyste vidare at helikopteret var på eit privat transportoppdrag.

Airlift har ein helikopterflåte på 17 helikopter. Dei driv med redningsteneste, transport og tunge løft. Selskapet har hovudkontor ved Førde Lufthavn og har om lag 80 tilsette.

Les meir: – Kan være den alvorligste helikopterulykken på Fastlands-Norge

Lokalt krisesenter

Tre Sea King-redningshelikopter og fire luftambulanser rykka ut til ulukkesstaden, men det eine redningshelikopteret returnerte fordi det var for mange helikopter i området, opplyser Hovedredningssentralen.

Det skal vere skodde i området, men det skal vere mogleg å fly inn til ulukkesstaden.

Slik er veret i Dalamot nett no.

Det er no oppretta eit lokalt krisesenter i kommunehuset i Kinsarvik. Folk kan ringe kriseleiinga på telefon 53671502. Også Eidsfjord kommune har oppretta krisetelefon. Nummeret her er 53651511.

– Kriseleiinga er samla for å kunne svara innbyggjarane. Etter ei så stor ulukke vil det vere tusenvis av spørsmål, seier ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge.

– Veit du om nokon frå Ullensvang er involverte?

– Det har eg ikkje fått beskjed om, men det er politiet som går ut med desse opplysningane, seier Borge.

I samband med hyttebygging

Redningssentralen fekk melding om ulukka då eit vitne melde frå til politiet.

Då NRK snakka med brannvesenet i Bergen like før klokka 19.30 opplyste vaktsentralen at dei gjorde seg klar til å rykka ut.

Dalamot ligg høgt oppe i fjellet, omlag midt mellom tettstadane Kinsarvik og Eidfjord.

Ifølgje politimesteren skal privatpersonar ha leigd helikopteret i samband med hyttebygging.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Helikopterulykke Ullensvang

Slik såg det ut på helikopterlandingsplassen tidlegare måndag ettermiddag.

Foto: Inge Kristoffersen