Hopp til innhold

Fem nye bomstasjonar

Det kjem fem nye bomstasjonar i Nordhordland etter at Nordhordlandspakken blei vedtatt i Stortinget denne veka. Nesten 1,5 milliardar kroner skal hentast inn i bompengar over 12-14 år, skriv avisa Nordhordland. Frå slutten av neste år skal bomstasjonane vera klare, og takstane ligg an til å bli rundt 19 kroner for personbilar og 31 kroner for tyngre kjøretøy.