NRK Meny
Normal

Femte lokkemann-episode på tre veker

Politiet sjekkar ny lokkemann-episode på Radøy opp mot hendingane på Sotra og Askøy tidlegare denne månaden.

Politioverbetjent

ETTERFORSKAR MOGLEG LOKKEMANN: – Me kjem til å sjekke ut dette opp mot det som har skjedd på Askøy og Sotra, seier lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg.

Foto: Inger Åse Kvale

Fredag blei politiet varsla om enda eit forsøk på å lokke eit barn inn i ein bil. Det var torsdag i 14.30-tida at ei skulejente på Bø på Radøy blei kontakta av ein framand mann.

– Jenta blei kontakta av ein person i ein raud varebil som spurde om ho ville sitte på. Ho forlét staden, og varsla foreldra, seier lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg.

Sotra

AREFJORDVEIEN, STRAUME: Ei 15 år gammal jente blei for under to veker sidan forsøkt dratt inn i ein bil av ein ukjent mann. Dagen etter prøvde han å kontakte 15-åringen igjen.

Foto: Oddgeir Øystese

Hendinga på Radøy er den femte lokkemann-episoden på tre veker i Hordaland.

LES MEIR: Etterforskar fire lokkemenn-episodar

Politiet i Nordhordland vil no sjå etter samanhengar mellom desse hendingane.

– Me kjem til å sjekke ut dette opp mot det som har skjedd på Askøy og Sotra, seier Vangberg.

LES OGSÅ: Ble kontaktet av overfallsmannen på nytt

Var på veg heim frå skulen

Rektor ved skulen på Radøy der jenta er elev, varsla politiet om saka fredag. Dei skal ha sendt ut eit skriv til foreldre om hendinga og sett opp doble vaktar i skuletida.

Mor til jenta seier til avisa Strilen, som fyrst omtala saka, at jenta akkurat var ferdig på skulen då ho byrja å gå i retninga faren skulle komme for å hente ho.

– Ho har det greitt, men synest det var ein ubehageleg oppleving og vil ikkje snakke så mykje om det. Ho sa sjølv «eg skal aldri meir begynne å gå mot pappa, eg skal vente til han kjem for å hente meg, seier mora til avisa.

LES OGSÅ: Politiet: – Kan være ulike gjerningsmenn

Etterlyser vitne og tips i saka

Ågotnes skule

FORSØKT LOKKA BORT: Ein gut i barneskulealder blei forsøkt lokka inn i ein bil like ved Ågotnes skole på Sotra, tidlegare denne månaden.

Foto: Skjermdump / Google Street View

Politiet har enda ikkje motteke tips etter hendinga, men håpar nokon kan ha sett bilen på Radøy.

– Me ønskjer å komme i kontakt med vedkommande som har kontakta jenta, for å undersøke om det er noko straffbart som ligg bak. Me er og interessert i tips frå publikum, seier Vangberg.

Ifølgje jenta skal mannen vere skalla eller tynn i håret med svart skjegg. Han snakkar gebrokkent og køyrde ein raud litt større varebil eller kassebil.

Har du tips i saka, kan du kontakte Nordhordland lensmannskontor på telefon 56 35 56 70, eller 02800.

Ventar framleis på svar frå DNA-prøvar

Per Algerøy

SER ETTER SAMANHENGAR: Politiet på Sotra vil undersøke om det finst fellestrekk mellom lokkemann-episodane der, og hendinga på Radøy sist veke, seier Per Algerøy ved Sotra og Øygarden lensmannskontor.

Tidlegare har politiet meldt om fire ulike lokkemenn-episodar denne månaden. Tre av dei i Fjell kommune og éin på Askøy.

Politiet er enda ikkje noko nærmare ei oppklaring, seier politioverbetjent Per Algerøy ved Sotra og Øygarden lensmannskontor.

– Me ventar framleis på resultata frå DNA-prøvane me tok etter at den 15 år gamle jenta blei overfalt. Det har ikkje komme inn ny opplysningar som gjer at me kan komme vidare i saka.

Politiet har teke imot mellom 60 og 70 tips, men færre og færre ringer no inn med opplysningar.

– Tenker de at de ikkje vil klare å finne ut kven som står bak overfallet?

– Det er det for tidleg å seie endå. Me held fram etterforskinga, seier Algerøy.

Politiet på Sotra vil også undersøke om det finst fellestrekk mellom lokkemann-episodane der, og hendinga på Radøy sist veke.

– Det er alltid interessant å sjå om me kan sjå finne fellestrekk. Det vil me sjå på no og.

Laster kart, vennligst vent...

FLEIRE HENDINGAR: Det har vore totalt seks hendingar med lokkemenn, forsøk på bortføring og blotting på Askøy og Sotra den siste tida. Politiet i Nordhordland vil sjekke hendinga frå Radøy opp mot lokkemenn-episodane.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen