Hopp til innhold

Fem av desse flykta til byrivalen i vinter. No møter dei gamleklubben

ARNA/SANDVIKEN (NRK): Det bergenske byderbyet mellom Arna-Bjørnar og Sandviken blir ekstra spesielt i år. – Sjølvsagt fekk eg litt dårleg samvit, seier ein av dei fem spelarane som bytta lag.

Stor satsing på kvinnefotball

SPELARFLUKT: Arna-Bjørnar feirar eit mål mot Røa i fjor. Fem av dei ti på bildet spelar no for rivalane i Sandviken. Frå venstre av dei ein kan sjå fjeset på: Helene Gloppen, Ingrid Stenevik (i Sandviken), Emilie Nautnes, Maria Brochmann (i Sandviken), Cecilie Kvamme (i Sandviken), Rikke Nygard, Lisa Naalsund (i Sandviken), Elise Stenevik. Amalie Eikeland (i Sandviken) og Vilde Risa i bakgrunnen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Eit by-mot-land-derby i Bergen by.

Arna-Bjørnar – Sandviken er ein klassikar i norsk kvinnefotball, og dei siste åra har Arna-Bjørnar vore favorittar. Arna-Bjørnar, laget frå bygda i byen, har vore i øvste divisjon sidan 2006, medan naborivalane Sandviken rykka ned i både 2013, 2009 og 2007.

No er situasjonen snudd på hovudet. Sandviken tok cupsølv i fjor, og på vinteren har dei forsterka laget. Heile fem av dei nye spelarane kom frå nettopp Arna-Bjørnar.

For første gong sidan overgangane skal dei tilbake til Arna idrettspark 1. mai klokka 14.

– Både meg og andre har spilt i Arna-Bjørnar i mange år og er blitt glade i klubben, men vi skal sørge for at vi drar derifrå med tre poeng, seier Maria Brochmann.

Maria Brochmann bytta beite

BYTTA BEITE: Maria Brochmann bytta ut Arna idrettspark med Stemmemyren stadion. No skal ho tilbake.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Dårleg samvit

Ho forlét Arna til fordel for bylaget Sandviken i vinter, saman med Amalie Eikeland, Cecilie Kvamme, Lisa Naalsund og Ingrid Stenevik.

– Sjølvsagt fekk eg litt dårleg samvit då det skjedde slik det gjorde, og det skjedde plutseleg. Men vi må tenkje på kva som er best for oss, og for min del følte eg at tida var inne for eit klubbskifte, seier Brochmann.

For ho og dei andre i kvitt har sesongen starta bra. Dei ligg på fjerdeplass og Brochmann har scora fire mål på fem kampar.

Spesielt då lagvenninnene drog

På motsett banehalvdel stiller Arna-Bjørnar-kaptein Helene Gloppen. Ho har bakgrunn frå Sandviken, men gjekk over til Arna-Bjørnar i 2017, då dei var det beste kvinnelaget i byen. No ligg dei på åttandeplass, fire poeng bak Sandviken.

Det var spesielt då fem lagvenninner bytta beite i vinter.

Helene Gloppen klar for kamp på Arna idrettspark

KLAR: Arna-Bjørnar-kaptein Helene Gloppen seier at det var spesielt å miste så mange lagvenninner til rivalen, men håper å ta Sandviken på Arna idrettspark (bildet) 1. mai.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

BT skreiv at Arna-Bjørnar hadde sette seg sjølve i ein vanskeleg situasjon, og Arna-Bjørnar-leiar Synnøve Tverlid innrømma at det var ein lærepenge.

– Det var spesielt i perioden rundt jul då vi fekk vite at alle skulle dra, vedgår Gloppen.

– Men no har vi det veldig kjekt og har fått inn mange gode spelarar.

Spenning

Sesongstarten deira har vore tråare med berre ein siger på fem kampar. No håper dei at det smell i byderbyet mot Sandviken.

– Eg kjenner at det bygger seg opp ei spenning. Byderby er alltid kjekt, og spesielt i år når så mange spelarar har gått herifrå til Sandviken.

– Korleis skal de slå dei?

– Vi har laga ein plan, men eg kan ikkje seie korleis. Det må vere hemmeleg, seier Gloppen.

Kampen startar klokka 14. Klokka 18.30 tar herrelaget til Arna-Bjørnar imot Sportsklubben Brann til 1. runde i cupen på same arena.