Hopp til innhold

Felte nær halvparten av reinkvoten

Odda fjellstyre og Ullensvang fjellstyre melder om ei god reinsjakt på Hardangervidda i år, skriv Hardanger Folkeblad. Oddingane felte 90 av dei 191 bukkane jegarane hadde løyve til, noko som gir ein fellingsprosent på 47 prosent. I Ullensvang blei 110 dyr felte, som gir ein fellingprosent på 28 prosent.

Villrein
Foto: Hans Jørgen Jahren