Hopp til innhold

Kristine (28) fektar med ekte sverd i ny sport

– Ein kan ikkje vera redd for å bli skada, seier Kristine Konsmo. I helga møtest 50 deltakarar frå sju land i Bergen for å konkurrera i den nye fektesporten HEMA.

Børster støv av eldgammel idrett

EKTE SVERD: Kristine Konsmo er del av ein ny fekteidrett. Foto/redigering: Tim Wassmo

Fekting

EKTE SVERD: – Det er veldig viktig at ein kjenner seg trygg, for hvis ein er redd for å bli skada, så øydelegg det mentaliteten din litt, seier Kristine Konsmo.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Når fektarar møtes til duellar i Bergen denne helga, så brukast det ekte sverd i staden for kårder. Sporten blir kalla HEMA, eller blankvåpen-fekting. Som sport er det ganske nytt, sjølv om opphavet er ganske historisk.

HEMA står for Historical European Martial Arts.

– Det er ei gjenskaping av gammal europeisk kampsport, seier Thomas Nyløkken, leiar i fekteklubben Frie Duellister i Bergen.

Dei starta opp som ein utløpar av miljøet «Kongshirden anno 1260», som driv våpenkamp med kostymer. Frie Duellister er Noregs største HEMA-gruppe, og har no fått utløparar i Oslo og Tromsø.

– Kan ikkje vera redd for å bli skada

Fekting

PIONER: Thomas Nyløkken leiar fekteklubben Frie Duellister.

Foto: Tim Wassmo / NRK

I helga møtest kring 50 deltakarar frå sju ulike land til konkurranse på Landås i Bergen. Ein av dei som skal i elden er Kristine Konsmo (28).

– Det er ein veldig gammal sport, og det har døydd litt ut. Vi har halde på med dette ganske lenge, og det er veldig spennande å vera nokon av dei første som bygger opp ein sport heilt frå botn av, seier ho.

Sporten har utvikla seg dei siste ti åra i Noreg, og noko lenger i utlandet. Fektinga går føre seg med ekte våpen i staden for sportskårde, som olympisk fekting brukar. Utgangspunktet for sporten er fektemanualar frå mellomalderen og fram til renessansen.

– Det er veldig viktig at ein kjenner seg trygg, for hvis ein er redd for å bli skada, så øydelegg det mentaliteten din litt, seier Konsmo, som samanliknar HEMA med ein annan idrett som har vokst kraftig i popularitet i Noreg dei siste åra.

– Det er litt som å spela sjakk. Ein skal vera på heile tida, og tenka på kva motstandaren gjer. Det er både fysisk og mentalt krevjande, seier Konsmo.