NRK Meny
Normal

– Folk hytta med knyttneven ute på gata

Miljøbyråd Henning Warloe (H) fortel om sterke reaksjonar og trugsmål etter at han fekk køprisinga igjennom bystyret i Bergen i vår.

Martin Smith-Sivertsen og Henning Warloe

UPOPULÆRT: Reaksjonane lét ikkje vente på seg då Henning Warloe (til høgre) fekk gjennom køprising i bystyret i Bergen. Her frå då han og Martin Smith-Sivertsen presenterte byrådet sitt forslag til køprisingsmodell.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Den dårlege lufta i Bergen er ei utfordring. Ikkje berre for dei som blir sjuke, men også for dei som har ansvaret.

– Eg har nok aldri opplevd så sterke reaksjonar som det eg opplevde her, seier Henning Warloe (H) om vedtaket om køprising som fekk fleirtal i bystyret i februar.

I fjor haust tok han over som byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune. Han fortel at han følte ansvaret for luftutfordringane svært personleg.

– Difor la vi ein ny plan og evaluerte tiltak som var gjennomført.

Eg var utsett for ganske hatefulle tilrop. Folk hytta med knyttneven når eg spaserte forbi på gata.

Henning Warloe (H), miljøbyråd i Bergen

Melde til politiet

Warloe hevdar byrådet ikkje hadde vore villige til å gå langt nok for å betre lufta. No skulle det bli annleis.

– Det skulle ikkje vere tvil om at vi ville bruke dei verkemidla vi hadde. Hele vinteren i fjor var akuttberedskapen der.

Så blei køprising vedteke. Dette skjedde trass i Høgre sitt partiprogram. Det var det mange som mislikte.

Det vil kosta 45 kroner per bompassering i morgon- og ettermiddagsrushet.

– Korleis har du merka at dei tiltaka er ikkje så populære hos alle?

– Eg har merka det gjennom tallause førespurnader, kommentarar i nyheitssaker og til dels ganske sjikanerande meldingar. Ein av dei var så grov at den blei meld til politiet.

Delt høgregruppe då fylkestinget gjekk inn for køprising

Høgre si gruppe på fylkestinget var delt då fylkespolitikarane gjekk inn for køprising i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Sterke reaksjonar

Warloe har jobba som politikar i 20 år, sju av dei i Byrådet med ulike ansvarsområde. Han fortel at dette er dei tiltaka han har opplevd som minst populære.

– Eg var utsett for ganske hatefulle tilrop. Folk hytta med knyttneven når eg spaserte forbi på gata.

Han fortel at dei han gjekk saman med reagerte. Men sjølv hevdar han at alle åra som politikar har gjort han hardhuda nok til å tole det.

– Grønare retning

Då vedtaket om datokøyring og køprising vart gjort var reaksjonane særleg sterke. For Høgre sin del skjedde dette altså trass i partiprogrammet.

Det har seinare endra seg. Noko Warloe er nøgd med.

– Det var ein krevjande sak for partiet. Men vi har vore med på å flytte politiske standpunkt i ein grønare retning. Det er bra.

Warloe avsluttar med å seie at så lenge ein har stor nok tru på at ei sak er viktig, så får det berre våge seg at ho er upopulær.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft seier regjeringa no ber Stortinget seia ja til Bergen sin søknad om å innføra køprising i sentrum.

Danmarksplass

Regjeringa seier ja til køprising i Bergen og ber Stortinget godkjenna søknaden frå bergenspolitikarane.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.