Hopp til innhold

Fekk tilfeldigvis auge på to i havsnød: – Den eine av dei hadde aldri overlevd

Fisketuren blei til ein redningsaksjon då Leon Bjånes oppdaga noko blinkande i sjøen.

Båten som kantra utanfor Askøy

DRAMA TIL SJØS: Dei to mennene låg på kjølen av denne båten då Leon Bjånes oppdaga dei. Her er båten frakta til kai etter hendinga.

Foto: Politiet

– På veg utover sveipa eg heilt tilfeldig lykta sørover i fjorden for å sjå korleis bølgene kom. Då såg eg noko som blinka i sjøen lenger ute, fortel Bjånes.

Grytidleg onsdag morgon la han og ein kamerat frå land i Kollevåg på Askøy for å reise på fisketur. Det skulle bli ei lukke for to menn i havsnaud i Hauglandsosen, vest for øya.

– Vi såg det var refleksar, og køyrde nærare. Då såg vi det var ein båt med kjølen opp, og at det var refleksane på redningsvestane til to personar, fortel han.

Båten som hadde kantra låg rundt 300 meter frå land. Den eine av dei to mennene låg oppå kjølen, den andre hang bakpå og prøvde å halde seg fast.

Kroppstemperatur på 35 grader

– Han som låg oppå kjølen var i ganske bra form. Men han som klamra seg fast bak på båten var heilt ferdig. Han klarte ikkje å gjere greie for seg, fortel Bjånes, som saman med kameraten fekk dratt begge opp i sin eigen båt.

– Der blei den eine liggjande på dørken. Totalt ferdig. Han hadde aldri overlevd særleg lenger. Han hadde ein kroppstemperatur på 35 ein time etter at vi hadde tatt han om bord, fortel Bjånes.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 06.10. Då hadde Bjånes slept den kantra båten til kaiområdet inst i Kollevåg. Dei to mennene som var berga hadde fått mat og drikke, og var ved godt mot.

– Vi rykka ut, og det viste seg at dei to som hadde vore i sjøen var nedkjølte. Det blei sendt ambulanse og dei blei køyrt til Haukeland sjukehus, fortel operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Hauglandsosen

– Stort å redda to menneske

Til politiet opplyste dei to mennene på 52 og 53 år at dei hadde vore i sjøen i inntil ein halvtime.

– Dei var noko nedkjølt, og blei difor tatt hand om av helsepersonell, seier Samsonsen.

Haukeland sjukehus opplyser onsdag føremiddag at begge dei to er lettare skadd. Politiet vil ta avhøyr av dei to for å få vite kva som skjedde då båten kantra.

Lensmann Torgils Lutro på Askøy rosar Bjånes og kameraten for innsatsen. For Bjånes, som har ti år bak seg i sjøredningstenesta og ti år som redningsbåtførar i Nordsjøen, blei fisketuren omgjort til redningsaksjon.

– Det er klart det er stort å få redda to menneske frå ein slik situasjon. Det var spesielt, og det var heilt tilfeldig at vi fekk auge på dei, seier Leon Bjånes.