Hopp til innhold

– Straffa for blind vald bør oppfattast som strenge

Tre menn fekk først samfunnsstraff for blind vald midt på gata i Bergen. Då påtalemakta anka, vart det betydeleg strengare straffar. – Straffa skal ha ei avskrekkande effekt, seier ein nøgd statsadvokat.

Eirik Stolt-Nielsen

– VERKAR AVSKREKKANDE: Det skapar utryggleik når ein kan risikere å bli slått ned når ein oppheld seg på ein offentleg stad. Vår måte å gripe fatt i dette er ved å markere overfor dei som utfører slike handlingar at dette straffar me strengt, seier statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen.

Foto: Marit Hommedal

Vår måte å gripe fatt i blind vald, er ved å markere overfor dei som utfører slike handlingar at dette straffar me strengt.

Eirik Stolt-Nielsen, statsadvokat

Natt til søndag 10. mars i fjor: Ein mann vert angripen av fleire ukjende ved eit bybanestopp i Olav Kyrres gate midt i Bergen sentrum.

Tre menn skal ifølgje dommane frå tingretten og lagmannsretten ha peika ut mannen heilt tilfeldig. Etter å ha ropt ut «Vi tar han der!» gjekk dei laus på mannen, skalla han ned og slo og sparka mannen medan han låg nede.

Fleire blir vitne til at ein av dei tre, etter fleire slag og spark, tek fram ein ølflaske, og slår den liggande mannen i hovud og ansikt.

Skjerpa straffer etter anke

Nyleg var saka gjennom si andre runde i retten. I lagmannsretten fekk dei tre betydeleg skjerpa straffar frå tingretten. Dommen er enno ikkje rettskraftig.

Dei tre vart førre veke dømd til fengsel i opptil sju månadar for den brutale valdsepisoden. Det er eit direkte resultat av skjerpa straffar på dette området dei siste åra.

– Offeret blei utsett for slag, spark, skalling frå tre, for han fullstendig ukjende, personar. Han fekk og knust ei flaske i hovudet, seier fyrstestatsadvokat i Hordaland, Eirik Stolt-Nielsen.

Stortinget gjekk i 2010 inn for å skjerpe straffa for mellom anna blind vald – fordi vald blir sett på som eit markant samfunnsproblem.

Bergen tingrett dømde dei tre til samfunnsstraff, men påtalemakta valde å anke saka. Førre veke kom dommen frå lagmannsretten som straffar dei tre med fengsel utan vilkår, og ein av gjerningsmennene fekk ein straff på sju månader. Stolt-Nilsen trur dei strenge straffene me no ser vil ha ein preventiv effekt.

– Signaleffekten ut mot samfunnet er best tent med at dei blir dømd til vilkårslaust fengsel, meiner han.

LES OGSÅ: Blind på ett øye etter angrep med ølglass

– Dommen bør oppfattast som streng

Det er vanskeleg å kommunisere dei endringane ein gjer i straffesystemet ut til resten av verda.

Jørn Jacobsen, jussprofessor

Det er framleis uklart om dei tre vil anke dommen vidare til Høgsterett.

– Som det heiter i dommen, det er berre tilfelle som gjer at offeret ikkje fekk meir alvorlege skadar, seier Stolt-Nielsen.

Han meiner dei strenge straffene ein no ser i valdssaker vil verke avskrekkande.

– Det oppfattast nok strengt for dei som vert dømde, og det bør oppfattast strengt for dei som høyrer om det.

– Folk blir ikkje skremde av streng straff

Jørn Jacobsen, postodoktor, Universitetet i Bergen

UEINIG: Professor ved juridisk fakultet i Bergen, Jørn Jacobsen, seier strengare straffer ikkje vil skremme folk frå å utføre nye valdshandlingar.

Foto: NRK

Professor ved juridisk fakultet i Bergen, Jørn Jacobsen, seier det er lite som talar for at strenge straffar kan vere med å hindre andre i å ty til vald.

– Det er vanskeleg å kommunisere dei endringane ein gjer i straffesystemet ut til resten av verda. Det er naturlegvis også slik at brotsverk har ei mykje meir kompleks bakgrunn.

Heller ikkje dei som blir dømd og får strenge straffar, vil la seg skremme frå nye valdsepisodar, meiner Jakobsen.

– Det har me lite dokumentasjon for å hevde. Ein har ikkje noko spesiell grunn til å vere håpefulle på dette punktet.

Førstestatsadvokat i Hordaland, Eirik Stolt-Nielsen, er rivande ueinig.

– Det skapar utryggleik når ein kan risikere å bli slått ned når ein oppheld seg på ein offentleg stad. Dette er eit samfunnsproblem, og vår måte å gripe fatt i dette er ved å markere overfor dei som utfører slike handlingar at dette straffar me strengt.

LES OGSÅ: Per Olav (57) skamslått av fremmed mann