Hopp til innhold

Fekk sterk kritikk for handsaminga av 13-åringen: No trekker kommunen politimeldinga

Skuleeleven avslørte sikkerheitshol i datasystemet. Bergen kommune namngav guten til politiet – som tok datautstyret hans. No har kommunen bestemt seg for å trekka politimeldinga.

Montasje til sak om elev som fant passord i datasystem

STRAFFBART: Eleven varsla først om passord og brukarnamn som låg usikra på nett. Deretter tok han seg ulovleg inn og lagra titusenvis av brukarnamn og passord. – Ei ulovleg og straffbar handling, sa politiet. Men no har kommunen trekt tilbake politimeldinga.

Foto: Montasje / NRK

Både politiet og Bergen kommune har fått sterk kritikk for handteringa av ein 13 år gamal skuleelev som avslørte eit sikkerheitshol i kommunen sine datasystem.

Den då tolv år gamle guten oppdaga i fjor vår at brukarnamn og passord til 35.000 lærarar og elevar i bergensskulen låg ope tilgjengeleg på elevnettet.

Eleven varsla, men ingenting skjedde. Guten tok seg difor ulovleg inn i systemet. Det enda med politibesøk heime hjå familien, og inndraging av datautstyret hans.

Roger Valhammer

BYRÅDSLEIAR: Roger Valhammer (Ap) under høyringa 5. juni.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Trekker tilbake etter ti månadar

Måndag kveld denne veka informerte kommunaldirektør Trine Samuelsberg foreldra om at dei har trekt politimeldinga.

Det skjer ti månader etter kommunen først kontakta politiet, noko som er eit svært uvanleg tidspunkt å trekka ei politimelding på.

– Når me no kjenner saka i sin heilskap, og har følgt den i nesten eit år, har me funne at det er rett å trekka politimeldinga, seier Samuelsberg til NRK.

Bergen kommune fekk eit milliongebyr av Datatilsynet. Opposisjonen i bystyret truga med mistillitsforslag og kravde høyring om kva byrådet visste då saka blei meldt.

Det skjedde etter at NRK avslørte at politidokument med opplysningar frå kommunen inneheldt gutens namn.

Kommunen har fleire gongar beklaga overfor familien og at guten sitt varsel ikkje blei plukka opp. Foreldra har på si side bede kommunen om å trekka meldinga, når ein no veit at det er ein skuleelev som står bak.

Under høyringa sa byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) at han ville vurdera å trekka politimeldinga, som ein gest til foreldra.

«I tråd med tilbakemeldingen fra byrådsleder Roger Valhammer under høringen 5.6.19 er det meldt til Politidistrikt Vest at Bergen kommune trekker anmeldelsen av sikkerhetsbruddet», skriv Samuelsberg no i ein e-post til foreldra.

Rådhuset i Bergen

BERGEN RÅDHUS: Fleire gongar gjekk alarmen på Bergen rådhus. Årsaka var ein 13 år gamal skuleelev. No trekker kommunen tilbake politimeldinga som førte til politiaksjon mot skuleeleven og familien.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politiet: – Ikkje vanleg

Påtaleleiar Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt stadfestar tysdag at meldinga er trekt tilbake. Politiet har for lengst lagt bort saka, fordi guten er under den kriminelle straffealder. Inndragingsførelegget blir likevel ståande.

– Me må alltid gjera vår sjølvstendige vurdering av ei sak uavhengig av kva meldaren gjer i ettertid, seier Fløystad til NRK.

Politiet konkluderte først med at guten sine handlingar skada kommune sitt omdømme, men trekte formuleringa etter sterke reaksjonar.

Seinare fortalde politiet at også ei anna hending guten stod bak medverka til at utstyret blei inndratt.

– Kor vanleg er det at ei politimelding blir trekt tilbake etter at ei sak er ferdig etterforska og lagt bort?

– Det er vel ikkje vanleg. Det trur eg me kort og godt kan seia, seier Fløystad.

Gunnar Fløystad, politiet i Bergen

PÅTALELEIAR: Gunnar Fløystad, leiar for felles eining for påtale i Vest politidistrikt.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Det einaste rette

– Dette var akkurat det me hadde håpa på. Eg synest det er bra at kommunen no snur. Det er det einaste rette, seier faren til 13-åringen til NRK.

Familien meiner framleis at inndragingsførelegget til politiet er tufta på fleire feil og manglande rettsgrunnlag. Forsvarsadvokaten ventar enno på svar på innvendingane.

– Som me har sagt tidlegare, så har me tatt med oss dei innvendingane som kjem frå partane. Me må sjølvsagt vurdera dei, og så får me sjå korleis saka endar til slutt, seier påtaleleiar Fløystad i politiet.

13-åringen sin far seier familien er glade for at dei no kan legga saka bak seg, og heller konsentrera seg om framtida.

– Bergen kommune sender eit godt signal til barn som i framtida kjem til å oppdaga sikkerheitshol i datasystem. Det er mykje som bør gjerast når det gjeld barn og unge og digitalopplæring i skulen.