NRK Meny
Normal

I dag fekk pendlaren sjå planane for ein trygg og rasfri E16 - men dei kostar

For ein geolog med doktorgrad på fjellsprekker er det skremmande å dagpendla på E16. I dag fekk ho sjå Statens vegvesen sine alternativ til ny, trygg veg mellom Bergen og Voss.

Geolog og dagpendlar Trine Helle Simmenes meiner det hastar å få bygd ny E16 mellom Bergen og Voss. I dag fekk ho sjå Vegvesenet pressentere dei ulike alternativa.

No håpar ho på ny E16

Trine Helle Simmenes

UTRYGG: Trine Helle Simmenes.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Eg synest den er veldig farleg, seier Trine Helle Simmenes mens ho rettar familiens SUV langs E16 gjennom Vaksdal kommune.

Ho er på veg til Bergen for å høyre og sjå Statens vegvesen og Jernbaneverket sine alternativ til ny E16 og ny Bergensbanetrasé mellom Voss og Arna.

– Vegen må bli trygg, og det hastar, seier dagpendlaren.

Åtvara folk mot å køyre vegen

Ho har sjølv tatt doktorgrad på fjellmassiva i heimtraktene, og vekte i vår oppsikt då ho i media kom med kraftige åtvaringar om rasfaren langs. Då hadde stamvegen mellom Bergen og Oslo vore stengd eit par veker, grunna ras. I løpet av våren gjekk det ikkje mindre enn 10 ras langs nokre få mil.

– Det er ein livsfarleg veg. Eg vil seie det så sterkt at viss du ikkje er nøydd til å køyre er no, slik det er no, så ville eg ha halde meg heime, sa Simmenes til NRK i april.

Eit halvt år seinare står ho inne for det ho sa.

– Ja, absolutt. Det står eg ved. Vegen er farleg og det må gjerast noko med han. Og det må skje fort.

Kor fort, får håpa småbarnsmora å få eit svar på onsdag, då NRK inviterte henne med for å høyre Vegvesenet og Jernbane snakke om kva som kan gjerast med den ras- og ulykkesutsette vegen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

E16 stengt etter ras

APRIL I ÅR: Dette raset øydela portalen til Stanghelletunnelen og heldt E16 stengd i to veker.

Foto: Remi Boe Presttun

Fem alternativ

Under presentasjonen onsdag vart det lagt fram fem ulike alternativ til korleis veg og bane kan bli rassikker. Det billigaste er å flikk på dagens veg og bane. Prislapp: 2, 2 milliardar. Det vil i så fall gi same reisetid som i dag.

Luksusmodellen er nye, og lange tunnelar, både for tog og bilar. Pris: 51,7 milliardar. Det vil også korte ned reisetida monaleg.

– Vi veit i dag ikkje noko om når dette kan bli realisert. Det kan hende det ligg så langt fram i tid, at vi i mellomtida må gjere mykje med eksisterande veg. Det er veldig avhengig av kva økonomi vi får på prosjektet, seier Kjell Kvåle, senioringeniør i Statens vegvesen

(Artikkelen held fram under biletet.)

Alternativ for ny E16

DET DYRASTE ALTERNATIVET: Til 51,7 mrd. kroner kan reisetida med bil frå Voss til Bergen bli korta ned med 44 minutt, og tog 32 minutt. (1,9 mrd. for E16, 32,9 mrd. for bane).

Foto: Statens vegvesen

Fylkesordførar: – Må ikkje berre flikke på vegen

Planane vekkjer begeistring hos fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) i Hordaland.

– Vi har fått fem veldig spennande alternativ for ein trygg veg mellom Bergen og Voss, og det er absolutt det viktigaste. Men i tillegg har vi fått nokre løysingar som kan gi oss ein ekstragevinst. Nemleg å binde heile fylket tettare saman, og skape ny vekst i vossaregionen og Hardanger-regionen for å få fordelt litt av den veksten ein ser på kysten litt lenger inn i fylket.

Nilsen er klar på at ein no ikkje må ende om med å vøle på dagens veg.

– Eg håpar vi ikkje får eit flikke alternativ. Eit slikt alternativ vil, trass i at det blir ein trygg veg, ikkje utløyse moglegheitene for å binde fylket saman, som vi ser i dei andre alternativa. Så eg håpar vi kan få til eit alternativ som oppnår også det, seier Nilsen som er klar på at det må komme nye tunnelar om folk skal kjenne seg trygge.

Stengd E16 ved Stanghelle

EIT KJENT SYN LANGS E16: Bukkar som dette vart sett opp ti gonger våren 2013. Europavegen er i tillegg ein av dei mest ulykkesutsette i landet når det gjeld møteulykker.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Trur på pengar i 2018

– Kva med E39 som skal bli ferjefri. Kan vi få begge deler?

– Eg trur at vi i dette tilfellet må gjere begge deler. Vi snakkar eigentleg om tre

Tom Christer Nilsen

INTERCITY: – Når Austlandet får 100 mrd. kroner til intercitytog, må vi i vest også få vår del, meiner fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

prosjekt. To vegar (E16 og E39) og ein jernbanestrekning. Då skal vi hugse at berre for jernbaneprosjektet på det sentrale Austlandet er det lovt over 100 milliardar kroner for å binde saman intercity-triangelet på Austlandet. Det er klart at for oss er Voss–Bergen vår intercity, og det er heilt klart naturleg at vi får same del av kaka som Austlandet får, fastslår fylkesordføraren frå det kommande statsministerpartiet.

Noko snarleg løysing ser han derimot ikkje føre seg.

– Det tek tid, men det bør vere realistisk at vi ved neste rullering av Nasjonal transportplan i 2018 ser friske og ekte midlar for å bygge veg.

Ønskjer seg lang tunnel

Eirik Haga og Hans-Erik Ringkjøb

KREV TRYGG VEG: Vaksdal-ordførar Eirik Haga og vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Foto: Sølve Rydland / NRK

For dei frammøtte ordførarane, som er vertsskap for dagens ras- og ulykkesutsette E16 er det to ting som hastar meir enn å få ned reisetida.

– Sikker veg er mål nummer éin, seier Hans-Erik Ringkjøb, ordførar (Ap) i Voss.

– Ein veg som er open. E16 har vore veldig mykje stengd, påpeikar kollega Eirik Haga, ordførar (Ap) i nabokommunen Vaksdal.

For småbarnsmora som pendlar innunder fjellsida ho har litt for god kjennskap til, er det berre eitt alternativ som står att etter presentasjon i Bergen.

– Eg tenkjer alternativ fem, der vegen går innom Vaksdal og så ein tunnel frå Stanghelle-Dale-området rett til Voss.

I mange år må ho uansett klare seg med gamlevegen.

–No skal eg heim att på E16 og hente ungar slik eg gjer kvar dag. Så får vi håpe det går bra i dag også, seier Trine Helle Simmenes i det ho rattar Toyota Landcruiseren ut frå parkeringsplassen i Bergen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.