NRK Meny
Normal

Fekk pris for innsatsen som pårørande

Oddvin Heimvik frå Kvinnherad har i ei årrekkje tatt vare på familien gjennom sjukdom. Søndag blei han tildelt Omsorgsprisen.

Omsorgsprisen 2016

FØRSTEPRIS: Oddvin Heimvik (t.h.) får førsteprisen; ein sjekk på 30.000 kroner, diplom og statuett. Til venstre står daglig leiar ved Verdighetsenteret, Odd Jordheim.

Foto: Thor Brødreskift

75 år gamle Oddvin Heimvik frå Utåker i Kvinnherad blei søndag kveld tildelt årets omsorgspris.

– Det er veldig fint å bli sett på ein slik måte. Dette er kjekt for ein stillferdig bondegut som meg, seier ein overraska prisvinnar til NRK etter utdelinga.

Tek vare på familien

Heimvik har i mange år tatt vare på kona si, som har vore ramma av demens. I tillegg har sonen cerebral parese, og har budd heime med foreldra i alle år.

«Prisvinneren vet derfor fra egen hverdag mye om hva som kreves av tilsyn og stell innen psykisk og fysisk utviklingshemming. I tillegg har han vært med i lokallaget Norsk Forbund for Utviklingshemming i hele sønnens levetid, i over tretti år som leder,» heiter det i grunngivinga frå komitéen.

Omsorgsprisen 2016

TAKKSAM: Heimvik er overraska og audmjuk etter å ha blitt tildelt årets omsorgspris.

Foto: Thor Brødreskift

– Eg blei heilt sett ut då eg fekk telefon om at eg var nominert. Det er ein førstepris og to andreprisar, og det låg an til at eg skulle få ein av desse. Men eg hadde verkeleg ikkje tenkt at førsteplassen skulle gå til meg. Det er mange i Hordaland og Bergen som kunne fått denne, seier Heimvik.

– Gratulasjonane strøymer på

Kvart år delar GC Rieber Fondene i samarbeid med Verdighetsenteret ut Omsorgsprisen til ein medarbeidar, frivillig, pårørande, institusjon eller prosjekt som har vist omsorg – i Bergen eller Hordaland. Søndag vart prisen delt ut av byrådsleiar Harald Schjelderup på Den Nationale Scene i Bergen.

Dei to andreplassane gjekk i år til to ulike institusjonar, Hjartebanken ved Arna helseheim og Slettebakken menighets eldresenter og aldershjem.

Omsorgsprisen 2016

ANDREPRIS: Slettebakken menighets eldresenter og aldershjem fekk ein av dei to andreprisane. Aktivitetsleiar Kirsten M. Holte, avdelingsleiar Haldis Friis, kjøkkensjef Hilde Bøe og leiar for reinhaldsavdelinga, Linda Boge, tok i mot prisen.

Foto: Thor Brødreskift

Førsteprisvinnaren får ein sjekk på 30.000 kroner, diplom og ein statuett.

– No får eg den eine meldinga etter den andre frå familie og vener som gratulerer, seier Heimvik.

Han feirar med å samle familie og vener og overnatte på hotell i Bergen.

– Eg har ei søster, to døtrer, ein son, eit barnebarn og ein svigerson med meg, det er veldig kjekt. Feiringa blir enkel, me sit og pratar – nokon med ein kaffi, andre med eit glas vin.

– Eg må òg få rosa arrangørane for dette. Prisutdelinga var kjempeflott, blant anna med eit kulturelt innslag som var heilt imponerande, avsluttar prisvinnaren før han fortset feiringa.

Omsorgsprisen 2016

ANDREPRIS: Slettebakken menighets eldresenter og aldershjem fekk ein av dei to andreprisane. Aktivitetsleiar Kirsten M. Holte, avdelingsleiar Haldis Friis, kjøkkensjef Hilde Bøe og leiar for reinhaldsavdelinga, Linda Boge, tok i mot prisen.

Foto: Thor Brødreskift

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.