Hopp til innhold

Fekk klimapris for strenge miljøkrav

Hordaland fylkeskommune stilte så strenge utsleppskrav at fylket snart får elektriske ferjer på mange strekningar. Dette er no kåra til årets lokale klimatiltak i Norge.

Pål Kårbø (t.v.) og Oddmund Sylta

STRENGE MEN GLADE: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (t.v.) og direktør Oddmund Sylta i Skyss mottok onsdag onsdag klimaprisen for å ha stilt strenge utsleppskrav til fergedrift.

Foto: Zero

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Miljøkrava då Hordaland fylkeskommune lyste ut tilbod om ferjedrift blei onsdag kveld kåra til det beste lokale klimatiltaket i 2016. Bak kåringa står kommunane sin interesseorganisasjon KS og miljøstiftinga Zero.

Fylkeskommunen har sett krav om utsleppskutt på minst 55 prosent for dei 17 fergestrekningane i fylket. Dei sju første blei i oktober tildelt selskapet Fjord 1.

87 % utsleppskutt

Med el-drift på dei fleste av desse sju strekningane oppnår ein kutt på meir enn 87 prosent av utsleppa samanlikna med dagens ferjer.

«Dette er eit svært viktig føregangsprosjekt som viser krafta i å stilla sterke miljøkrav i offentlege innkjøp. Tiltaket vil ha store ringverknadar til andre fylkeskommunar og bidrar til ei grønare skipsnæring,» ifølge juryen.

Prisen blei delt ut under Zeros årlege klimakonferanse for kommunesektoren onsdag kveld.

Fossilfrie byggeplassar

Oslo kommune fekk 2. plassen for sitt arbeid med fossilfrie byggeplassar.

For første gong i Noreg er det krevd at alle anleggsmaskinar på ein byggeplass skal vera elektriske eller gå på biodiesel, skriv Dagsavisen.

«Tiltaket kuttar store utslepp og bidrar til å byggja opp ein marknad for klimavenlege anleggsmaskinar», heiter det i grunngjevinga.

Ein firedel av klimagassutsleppa innan transportsektoren i hovudstaden kjem frå anleggsmaskinar.

Tredjeplassen gjekk til Tønsberg for biogassanlegget Den magiske fabrikken.

– Overgjekk forventningane

– Miljøvenleg drift har vore viktig ved tildelinga, sa direktør Oddmund Sylta i Skyss, då Fjord 1 fekk ferjekontraktane til ein samla verdi av nesten 3,5 milliardar kroner.

Tiltaket vil ha store ringverknadar til andre fylkeskommunar og bidrar til ei grønare skipsnæring

Juryen

– Fjord 1 har overgått våre forventningar til kva vi kunne oppnå på miljøsida, og tilskota frå Enova og NOx-fondet er sentrale verkemiddel for at dette skal la seg gjennomføra, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.