NRK Meny
Normal

Fekk kjempehai i garnet: – Prøvde å hoppe uti for å hjelpe

Jan-Tore Halvorsen og familien trudde ikkje sine eigne auge då det røska i garnet på hytta i Sveio.

Jan-Tore Halvorsen og familien fekk ein kjempehai i garnet på hyttetur.

Oslo-familien er på hytta i Sveio denne sommaren. Onsdag kveld fekk dei seg eit nært møte med ein svær skapning rett utanfor hyttebrygga.

Garnet var akkurat sett ut då dei la merke til eit stort plask i sjøen, skriv Haugesunds Avis.

– Eg såg den store finna ganske raskt, men eg tok det nok ikkje innover meg med ein gong. Det var for usannsynleg at det skulle vere ein hai, seier Halvorsen til NRK.

Sprang for å hente kamera

Han trudde først det var ei nise eller ei stor kveite, men oppdaga snart at det var noko langt større.

– Då vi kom heilt ned til sjøkanten, såg vi berre noko stort og grått i sjøen under oss som sat fast i garnet. Vi fekk dratt det mot land, og såg snart at det var ein diger hai. Den var skikkeleg svær!

Medan han sende sonen Oskar Abel Valand Halvorsen for å hente videokamera, prøvde han å hjelpe haien med å kome seg laus frå garnet.

videoen som sonen filma kan ein høyre korleis garnet gjev etter og ryk når den svære haien kjempar for å kome seg laus.

Jan-Tore Halvorsen forsøkte å hjelpe brugda, men den sumde av garde med garnet.

SVÆR: Jan-Tore Halvorsen trur at haien, som truleg er ei brugde, må ha vore minst fem meter lang.

Foto: Privat

Haisommar

Halvorsen trur at haien, som truleg er ei brugde, var minst fem meter.

– Finna var berre ein halvmeter ifrå meg. Den svømde litt utover, og blåsa vart trekt under vatn. Det var som i filmen Haisommar.

Familien forsøkte å hjelpe den svære haien, og varsla mellom anna nokre naboar.

– Eg var så dum og tok i blåsa, men haien berre nappa til så knuten glapp.

Haien svømde altså av garde med garnet.

– Det var veldig synd. Eg håpar at den kom seg laus, seier Halvorsen.

Var ikkje redde

Halvorsen fortel at trass i opplevinga var verken han, sonen, eller kona Wenche Valand redde.

– Planen var eigentleg å hoppe ut i vatnet for å få den laus, men det var ikkje plass. Det var eigentleg ei fantastisk kjensle, eg var oppglødd, seier han.

Familien har aldri sett hai før, og dei hadde slett ikkje forventa det 6–7 meter frå land på ein plass der folk badar.

Familien Valand Halvorsen med restane av garnet.

STAKK AV: Diverre svømde haien vekk før den kom seg laus, og no har dei berre restar av garnet att, fortel Jan-Tore Halvorsen (framme). Her med sonen Oskar Abel Valand Halvorsen og kona Wenche Valand.

Foto: Privat

Siste video

Øyvor Bakke
Flaum i Nordfjord og svanen «Havnesjefen» er nokre av ingrediensane i Vestlandsrevyen, mandag 24. juli.
Festivalarbeidarar jobbar gratis i varmen. Det er ei av sakene fredags kveld.