Hopp til innhold

Fekk ikkje plass på bussen: – Sjåføren ropte og skreik til oss

Reisande til Hardanger skal ha blitt utskjelte og fråkøyrde av bussjåføren, før det kom ein ekstrabuss som ikkje frakta dei heilt fram. Sjåføren seier han blei truga av ein passasjer.

Bergen busstasjon perrong

AMPERT: Bussjåføren (sladda) ropte og skreik til passasjerane i kaoset utanfor bussen før avgang, ifølgje passasjer Bjørn Wickman. Sjølv forklarar sjåføren at han blei truga.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

11.50-bussen frå Bergen til Norheimsund og Odda, med korrespondanse til Oslo, var skjærtorsdag så full at 15-20 passasjerar ikkje kom med.

Bjørn Wickman (30) frykta han måtte vente på kveldsbussen då sjåføren kom ut og sa at dei som skulle lengst blei prioriterte.

Etter 20-30 minutt kom det imidlertid ein ekstrabuss, men den frakta passasjerane berre til ferjekaia i Tørvikbygd. Der måtte dei vente på neste ferje til Jondal, og kome seg vidare på eiga hand.

– Eg skulle berre rett over til Jondal. Men for folk som skulle vidare til Odda, var det jo vanskelegare, seier Wickman.

Wickman

FORSEINKA: F.v. Bjørn, Line og Øyvind Wickman på ferja til Jondal, der dei skal på påskeferie. Dei var mellom passasjerane som måtte ta den forseinka ekstrabussen som berre gjekk til Tørvikbygd.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Sjåføren ropte og skreik

Han reagerer også sterkt på oppførselen til bussjåføren etter at ein passasjer i kaoset utanfor bussen spurte om selskapet ikkje hadde plassgaranti.

– Bussjåføren sa at han måtte passe seg, før han byrja å rope og skrike til folk, og sa at dei måtte ha vore på plass 30 minutt før avgang viss dei skulle ha hatt sjanse til å kome med. Eg nektar å tru at det er standarden til Skyss, seier Wickman.

Han har allereie sendt inn ei klage til kollektivselskapet.

Passasjerer på perrongen

MÅTTE VENTE: 15-20 passasjerar blei ståande att på perrongen då bussen gjekk. Etter ein liten halvtime kom ekstrabussen.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Sjåføren kjende seg truga

Konsernsjefen i Tide, som opererer ruta for Skyss, stadfester at folk blei ståande att på perrongen.

Roger Harkestad, administrerende direktør Tide Buss AS

Roger Harkestad i Tide

Foto: Tide

– Vi var på førehand i tvil om det var naudsynt med ein ekstra buss, og sjåføren kom difor ekstra tidleg. Etter kvart kom det mange passasjerar, og han kontakta då vakta, som skaffa ein ekstrabuss, fortel Roger Harkestad.

Sjåføren rapporterte også inn episoden med passasjeren, og har ein annan versjon enn Wickman.

– Sjåføren ringde uoppfordra til vakta og fortalde at han kjente seg truga av passasjeren, som han opplevde som aggressiv, seier Harkestad.

Han seier dei vil invitere passasjeren til eit møte med bussjåføren over påske.

– Det har vore ein konflikt, men det er altså to ulike versjonar, konstaterer Harkestad.

– Vanskeleg å planlegge

Kommunikasjonsrådgjevar Camilla Lundberg Berntzen i Skyss fortel at hovudårsaka til at dei ikkje har plassgaranti, er at dei har svært avgrensa mogelegheiter til å setje inn ekstrabussar.

Camilla Lundberg Berntzen

Camilla Lundberg Berntzen i Skyss

Foto: Skyss

– Men vi set opp ekstrabussar på store utfartsdagar. Tidlegare har vi erfart at det ikkje er naudsynt på den avgangen som gjekk i føremiddag, men det er vanskeleg å føreseie.

– Dette var den første avgangen til Hardanger, av to i løpet av dagen, på den første høgtidsdagen i påska. Då er det vel logisk at det kan bli fullt?

– Jo, absolutt, det er jo det. Og det er noko vi tar med oss i planlegginga til neste år.

Berntzen beklagar og kallar det veldig uheldig at dei ikkje fekk tak i ein ekstrabuss som kunne frakte alle passasjerane heilt fram.

– Viss nokon hadde utlegg til å kome seg vidare frå Tørvikbygd, kan dei kontakte oss, seier Berntzen.