Hopp til innhold

Fekk hjarteinfarkt som 28-åring

Det som tidlegare har blitt sett på som ein typisk mannesjukdom, råkar no fleire yngre kvinner. Ingjerd Helle opplevde marerittet for fire år sidan.

Ingjerd Helle fekk hjarteinfarkt som 28-åring

UVENTA: Ingjerd Helle hadde aldri tenkt at ho kunne bli råka av hjarteinfarkt i så ung alder.

Ein augustmorgon for fire år sidan kjende Ingjerd Helle seg plutseleg uvel. Det heile starta med at ho vart nomen i kjeven.

– Eg fekk følelsen av at tennene mine skulle dette ut, forklarar Helle.

Familien hennar, mann og to born, var også heime. Helle bad mannen ringe legevakta i Øygarden.

Eg blei så rar i kjeven, eg visste ikkje heilt kva som skjedde. Og så, når eg ikkje fekk puste, og fekk smerter i brystet, då måtte eg leggje meg ned til slutt (…) så sa eg til han, «No trur eg du må ringje nokon».

Då Helle kom til legevakta i Øygarden fekk ho umiddelbart ein ambulanse til akutten på Haukeland universitetssjukehus. Etter seks dagar med testing fekk ho sjokkbeskjeden;

Helle var berre 28-år og hadde hatt eit hjarteinfarkt.

– Vi hadde jo aldri førestilt oss at det var noko alvorleg, seier ho.

Veit enno ikkje årsaka

Framleis den dag i dag veit ikkje 31-åringen kvifor akkurat ho vart råka. Om ein ikkje er i ei av risikogruppene er det uvanleg at ein får hjarteinfarkt i så ung alder.

– Det var ingenting som skulle tilseie at eg skulle få det. Dei fann ikkje ut av kvifor, seier ho.

Helle er i dag frisk på papiret, men må gå på blodfortynnande medisinar resten av livet.

Forsking syner at sjølv om kvinner under 45 år har ein mykje mindre sjanse for å bli råka av hjarteinfarkt enn menn, jamnar dette seg ut om ein allereie har hatt eit infarkt.

Vi hadde jo aldri førestilt oss at det var noko alvorleg.

Ingjerd Helle

Endra livsstilen

I tillegg til medisinar, har Helle også tatt andre førehandsreglar. Ho har blitt meir oppteken av kva ho et og å vere i fysisk aktivitet. Men det er ikkje berre enkelt å skulle leggje om ein livsstil.

– Ein får eit litt anna perspektiv på livet etter noko slikt. Det er jo vanskeleg når ein har funne sitt spor, sin måte å leve på. Det er hardt arbeid heile tida. Eg må minne meg sjølv på at «No må du ta ein time out, no må du vere litt snill med deg sjølv», seier Helle.

– Var du redd for å døy?

– Ja. Eg har nok brukt mykje tid på å uroe meg ettertid. Ikkje berre for meg sjølv, men også for dei andre rundt meg.

Fleire kvinner får hjarteinfarkt

Grethe Tell, professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitet i Bergen

OVERRASKA: Grethe Sappola Tell er overraska over at tal på kvinner som får hjarteinfarkt har auka.

Foto: Marie Furhovden / NRK

Ved Universitetet i Bergen blei det i år offentleggjort ei studie som syner førekomsten av hjarteinfarkt i befolkninga.

Studia «Trender innen akutte hjerteinfarkt og risikoen for gjentatte hendelser i Norge mellom 1994 og 2009» har analysert tal frå sjukehusa i perioden 1994 til 2009, som syner ein nedgang på to prosent i tilfelle av hjarteinfarkt sidan 2002.

Dette gjeld alle aldersgrupper, bortsett frå kvinner under 45 år. Her er det derimot ei auke.

– Det overraskande funnet var at blant kvinner under 45 år er det ikkje er ein reell nedgang i tal på hjarteinfarkt. Tvert imot var det ei auke i sjukehusinnleggingar blant kvinner under 45 år, seier Grethe Sappola Tell.

Ho er professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitet i Bergen, og ein av rettleiarane i studia.

Uviss årsak

Diettforvirring

USEMJE OM DIETT: Mange nordmenn har prøvd lavkarbodiett. Overlege Ottar Kjell Nygård meiner at ein har for lite kunnskap om effekten.

Foto: Colourbox.com

Kvifor nedgangen ikkje gjeld unge kvinner, er vanskeleg å forklare.

– Det veit vi ikkje ut frå denne studia. Det har vore andre studie i Noreg som tyder på at blant dei yngste så er det ikkje like gunstige utviklingstrekk som dei eldre, seier Tell.

– Nokon spekulerer i at det er fordi befolkninga aukar i vekt. Andre spekulerer i at lågkarbodietten som har blitt så populær blant enkelte i samfunnet kan spele ei rolle, seier ho.

Lågkarbodietten går i all hovudsak ut på å kutte ned på karbohydrat og auke feittinntaket.

– Når ein gjer det går kolesterolet i blodet opp – det veit vi, det er godt kjent – og høgt kolesterolnivå i blodet er ein av dei viktigaste risikofaktorane for hjarteinfarkt. Så kanskje kan det vere med å forklare ein del av funna, forklarar professoren.

Usemje om resultata

Det er ikkje konstituert overlege ved hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Espen Rostrup einig i.

– For det fyrste er talmaterialet frå 1994-2009, ein periode der lågkarbodiett var svært lite omtala og dei færraste kjende nok til denne metoden for vektreduksjon. Den såkalla «lågkarbobølgja» skaut fyrst fart i januar 2010 og nådde toppen hausten 2011, seier han.

Han viser også til liknande studie som underbyggjer dette synet.

– For det andre har det vore gjort ei rekkje vitskapelege studie med karbohydratreduserte diettar, dels publisert i høgt rangerte vitskapelege tidsskrift. Rett nok varer ingen av desse studiane lenger enn to år, men basert på resultata frå studiane, er det ingenting som skulle tyde på at lågkarbo skulle gje auka risiko for hjarte- karsjukdom.

Ein ekstrem lavkarbodiett kan rett og slett vere farleg.

Grethe Sappola Tell

– Ein skal vite kva ein gjer

På spørsmål om Tell vil råde folk til å byrje på ein lågkarbodiett, har ho følgjande oppmoding:

– Ein skal vite kva ein gjer viss ein går på ekstreme kosthaldsdiettar. Kunnskapen om kosthaldet er ikkje god nok blant folk flest til at ein kan å gå på ekstreme diettar. Ein ekstrem lågkarbodiett kan rett og slett vere farleg.

Også overlege ved hjarteavdelinga på Haukeland, Ottar Kjell Nygård er einig i dette.

– Vi har ikkje god nok kunnskap til å seie at alle kan gå på lågkarbodiett, forklarar han.

Han håpar at ny teknologi vil endre dette.

– Per i dag har vi har ikkje instrument som kan gje eksakt informasjon om kva for kosthald den individuelle hjartepasient bør følgje. Vi håpar at dette vil kome på plass i framtida.

Til denne teknologien er på plass rår han pasientane sine om å følgje nasjonale kosthaldsråd.