Hopp til innhold

– No kan me komme i gang med arbeidet

Dei flaumråka kommunane på Vestlandet får stort sett det dei har søkt om av midlar etter flaumen, men Odda, Voss, og Kvam fekk berre halvparten av summen dei søkte om.

Husras

HALVPARTEN: Odda, Voss, og Kvam fekk halvparten av summen dei søkte om til akutte tiltak etter oktoberflaumen.

Foto: Photographer: Terje Laegreid

John Opdal Odda

OVERRASKA: Ordførar John Opdal i Odda kommune er overraska over at kommunen fekk 52 millionar kroner til akutte tiltak, men seier at kommunen treng minst 103 millionar etter flaumen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Odda får 52 millionar kroner til akutte tiltak, Voss får litt over 13 millionar kroner og Kvam får 2,6 millionar. Odda og Voss vart særskilt råka under flaumen i oktober.

– Me er gledeleg overraska over at me fekk så mykje i første omgang, men 103 millionar er eit minimumsbeløp som me må ha, seier ordførar John Opdal (H) i Odda kommune.

– Nøgd i første omgang

Hans-Erik Ringkjøb

VENTAR MEIR: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb er nøgd med 13 millionar, men seier prosjekt kjem til å bli forsinka. Han ventar meir pengar i 2015.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kostnadene etter flaumen har for Odda blitt rekna ut til å ligge på rundt 103 millionar kroner, og for Odda-ordføraren var 52 millionar kroner i overkant av det han trudde kommunen kom til å få av regjering.

– Eg er veldig nøgd med at regjeringa har løyvd 52 millionar kroner. Dette er jo midlar som me får i 2014, slik at me kan komme i gang med det arbeidet som trengst av opprydding og istandsetjing langs elva, seier ordførar Opdal.

Voss kommune søkte om 26 millionar kroner, og får halvparten av denne summen.

– Me får vera nøgde med å ha fått halvparten av det me søkte om i første omgang, og eg forstår det slik at det kjem meir pengar etter jul, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) i Voss kommune.

– Heldigvis er ikkje situasjonen så akutt på Voss at me ikkje skal klare å vente på resten av pengane, seier han.

Må dryge oppstart

Asbjørn Tolo, Kvam-ordførar

GREITT: Ordførar Asbjørn Tolo i Kvam seier 2,6 millionar til akutte tiltak er greitt, men at pengane alt er brukt.

Foto: Marita Skeie / NRK

For Kvam kommune vart det søkt 4,8 millionar, og kommunen fekk 2,6 millionar. I kommunen var det to vegar som var utsett for ras, og ein kommunal veg raste også ut.

– Det høyrest rimeleg greitt ut med 2,6 millionar. Me har fått ein grei start, men me har brukt desse pengane allereie på å reparere vegar og skyssbåtar og den slags, seier ordførar Asbjørn Tolo (H) i Kvam.

For Voss kan det at dei fekk halvparten av pengane dei treng bety at planlagde prosjekt blir endra.

– Me er nøydde å dryge oppstarten av prosjekta våre, og det kan påverke kor store dei blir, påverke kva me kan byggje, og ting vil ta litt lenger tid, seier ordførar Ringkjøb på Voss.