NRK Meny
Normal

Tilsett i fast stilling som 74-åring

Jan Erling Riisnes gler seg til å gå på jobb kvar einaste dag. Viss helsa og lysten er der bør fleire jobba lenger, meiner han.

Video 74-åring ansatt i fast stilling

For eit år sidan fekk den erfarne sveisaren Jan Erling Riisnes ny fast jobb. Riisnes var då 74 år gammal.

Jan Erling Riisnes

Jan Erling Riisnes trivst godt i jobben.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

– Tenk at når eg er 74 år så spør dei om eg kan byrja fast. Eg blei litt beæra og eg har lyst til å visa at eg duger, seier Riisnes til NRK.

Saman med unge arbeidskameratar jobbar han for tida med å bygga den nye høgskulen i Bergen og han trivst godt i arbeidslivet.

– Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, smiler Jan Erling Riisnes.

– Får det betre med seg sjølv

I Sverige er det no planar om å heva pensjonsalderen til 75 år, og i går uttalte Høgre-leiar Erna Solberg at ho støttar den svenske statsministeren sitt utspel.

Erna Solberg vil arbeida for å fjerna reglar som tvingar fram avgang ved 67 eller 70 år, men er opptatt av at det skal vera lystprega og frivillig for eldre å jobba lenger.

– Så lenge folk er friske nok bør dei jobba lenger. Dei har det då mykje betre med seg sjølve, men dei må jo villa det sjølve, seier Jan Erling Riisnes.

Positivt med veteranar på laget

VVS Statsbygg synest det er positivt å ha medarbeidarar i alle aldrar.

Jan Erling Riisnes og arbeidskameratar

Saman med unge arbeidskameratar jobbar Riisnes med å bygga den nye høgskulen i Bergen.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

– Mange av dei som jobbar her på VVS-faget er unge folk, og då er det viktig at me i tillegg kan ha litt veteranar med oss på lager, seier prosjektleiar Anita Topdal i VVS Statsbygg.

Riisnes har eit klart mål om kor lenge han skal bli verande i arbeidslivet.

– Målet er å halda på til eg stuper, men det kan jo skje i morgon, det veit eg ikkje.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.