Etter at Lotto-trekninga var over laurdag kveld og vinnarane var klare, har Norsk Tipping prøvd å få tak i den heldige mannen frå Vaksdal.
Men trekningsredaktør Kjersti Skåret vart berre møtt av ein telefonsvarar. Til slutt måtte ho gi opp og heller halde fram jakta søndag.
I dag tok mannen frå Vaksdal endeleg telefonen og fekk servert den hyggelege nyheita frå Skåret. Mannen forklarte at han hadde vore på tur i eit område utan telefondekning, men no var han på veg heim igjen.
– Eg bad han stogge bilen før eg gav han beskjeden om at han var vinnar. Det var nok lurt, ler Skåret.
Såg trekninga sjølv
Mannen frå Vaksdal kan vente seg ein solid sum inn på kontoen ein av dei nærmaste dagane. Til saman vant han 5.911.465 kroner i Lotto-trekninga laurdag.
Vaksdølen hadde attpåtil sett trekninga sjølv på fjernsyn, men hadde likevel inga aning om at han var ein av dei heldige Lotto-millionærane før han tok telefonen i dag.
På spørsmål frå Skåret om kva han ville bruke pengane på, svarte han spontant at bilen måtte få nye dekk. Barna skulle også få glede av premien, men elles ynskjer han å halde ein lav profil og vere anonym.