Hopp til innhold

Feirar jul i ny heim etter flaumen

Gerd Espe mista heimen sin og alt ho eigde då elva Opo vaska vekk fleire hus i Odda i oktober. No har ho fått ein ny plass å bu.

Gerd Espe

MISTA HEIMEN: Gerd Espe har fått ein ny plass å bu, to månader etter at elva Opo tok heimen og alt ho eigde.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg har ikkje system på noko endå, seier Gerd Espe.

Det var natt til 29. oktober at huset til 78-åringen vart vaska vekk av flaumen i Odda. Det einaste ho har att er nokre fotoalbum og litt småting som vart funne drivande i Sørfjorden.

Som nyinnflytta i ei leilegheit like ved der huset hennar var, er minna om det som skjedde tett på.

– Der er huset, der budde eg. Det er huset som forsvann, seier Gerd og peikar på eit bilete.

– Gud, tenk på alt eg mista. Når eg byrjar å tenkje på det knyt det seg i meg. Alt er borte vekk, legg ho til.

– Evakuera, kvifor det?

Flom i Opoelva i Odda

MISTA HUSET: Midt mellom det gule og det kvite huset låg huset til Gerd Espe. Elva Opo tok huset under flaumen i oktober.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Gerd Espe var ikkje redd dei dagane elva Opo rasa som verst. Ho gjekk ned til elva for å sjå, og ho har aldri sett elva så svær som ho var då.

– Det kom siloballar og bildekk deisande ned, og det kom all slags rusk og pas. Herregud, tenkte eg, og gjekk opp igjen. Eg låste igjen døra, og sette meg, seier Gerd.

Opoelva

STOR ELV: Ope gjekk over alle breidder og tok mellom anna med seg fleire hus.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Heile tida heldt ho likevel eit auge med elva.

– Plutseleg såg eg politiet komme, og eg fekk beskjed om at eg måtte evakuere, seier Gerd.

– «Evakuera», sa eg, «kvifor det?»

Gerd inviterte politiet inn i stova. Ho sa ikkje var redd, men ho måtte evakuera – elva var så stor.

– Elva var komme langt opp til klesstativet, men at huset skulle forsvinne hadde eg aldri trudd. Det er heilt forferdeleg, heilt uverkeleg. Eg har budd her i alle år, og no er det vekke, seier Gerd.

- Høyrer heime her

Sjølv om Opo tok alt Gerd eigde, takka ho likevel ja til å bu i det same nabolaget der huset hennar stod. Ho har vakse opp der, og har budd der i sidan 1953.

- Det var ikkje tvil i sjela mi om det, eg skulle opp igjen i Opovegen. Eg har budd her i alle år, og her er naboar og alt kjent. Så eg vart «happy» då eg fekk komme attende. Det er jo så fint her, seier Gerd.

Men, når du høyrer elva, kva tenkjer du då?

- Det gjer meg ingenting. Eg har gjerne vindauga litt på gløtt når eg legg meg om kvelden og høyrer på elvesusen. Det er søvndyssande, seier Gerd.

Forstår du dei som ikkje vil attende?

–I botn og grunn gjer eg det, men eg er sjeleglad for at kom attende. Det er her eg høyrer heime, og eg har det bra her.

– Viktig å gjere tiltak

John Opdal Odda
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

For at oddingane som bur ved elva skal føla seg trygge i det nye året som kjem, er ordførar i Odda kommune, John Opdal klar på kva som må bli gjort.

– Dei offentlege myndigheitene må løyve nok pengar til å lage flaumsikringa hundre prosent. Me vil byggje ein mur langs elva slik at dei som bur der har ein sikker og god stad å bu, seier han.

– Eg trur det hastar å få til det, og flaumsikringa må ta høgde for endå større flaum i framtida, legg han til.

Er du redd for at det i framtida skal komme ein ny flaum?

– Det vil sikkert kome ein ny flaum, men me skal ikkje vera redde. Me skal ta dei forholdsreglane me er i stand til å ta, og det er viktig at me gjer tiltak som gjer at flaumskadane blir mindre enn dei var denne gongen, seier Opdal.

HØYR INTERVJUET MED GERD ESPE HER:

INTERVJU: Gerd Espe fortel om då flaumen i Odda, og då elva Opo tok huset hennar.