Hopp til innhold

Feira «lyset» i Rosendal

På 100-årsdagen til Rosendal Elektrisitetsverk feira heile bygda straumen og lyset. Blant dei som feira var dei ei som også har ei nesten 80 år gamal lyspære som framleis fungerer.

Lyspære frå 1935

GAMAL LYSPÆRE: Denne lyspæra er frå 1935, men kan også vera eldre. Den stolte eigaren, Johanna Kalstad, var ein av dei som feira Rosendal Elektrisitetsverk sitt 100-årsjubileum.

Foto: Tale Hauso / NRK

Johanna Kalstad

HENG HØGT: Lyspæra som truleg er frå 1935 blir godt tatt vare på av eigar Johanna Kalstad. – Den er fin å sjå på, seier ho.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette er lyspæra som eg er den heldige eigar av. Den er frå 1930-åra og den lyser framleis, seier Johanna Kalstad.

Lyspæra Johanna Kalstad er eigar av heng høgt. Den bli ekstra godt tatt vare på, for eigaren har blitt fortalt at lyspæra iallfall er frå 1935, om ikkje før.

– Eg er veldig redd for ho, så den står ikkje og lyser støtt no. Eg må ta vare på ho, for kanskje ho lyser i 70 år til, eg håpar iallfall det, seier ho.

Ho fortel ivrig at lyspæra skil seg ut frå dei lyspærene me har i dag.

– Ho har tjukkare trådar, og det gjer at det blir dårlegare lys. Lyset er ikkje så skarpt, men er meir lunt, seier den stolte eigaren.

Det er jo utruleg at den fungerer når den er så gamal?

– Eg synst det er heilt fantastisk, seier ho.

Feira «lyset»

Dei hadde ikkje lys, og så fekk dei det. Det kom inn i stova deira!

Johanna Kalstad

Fredag feira dei sjølve lyset i Rosendal i Kvinnherad kommune i Hordaland. Då var det 100 år sidan Rosendal Elektrisitetsverk vart bygd, og hundreårsdagen til det privateigde kraftverket vart markert med lysfest og fakkeltog, akkurat slik dei gjorde på opningsdagen.

Johanna Kalstad si bestemor var med på opninga av elektrisitetsverket, og Johanna sjølv skulle vera med på feiringa.

– Eg synst det er kjempeflott me skal feire i dag. Bygda fekk straum for 100 år sidan, dei hadde ikkje lys, og så fekk dei det, seier Johanna Kalstad.

– Det kom inn i husa deira! Eg synst det er fantastisk at me har lys og straum, men eg har jo levd med det heile livet, seier ho.

– Viktigast å få lys

Eirik Skåla

DAGLEG LEIAR: Eirik Skåla i Rosendal Elektrisitetsverk kan godt historia om kraftverket der han i dag er dagleg leiar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kraftstasjonen som vart bygd i 1914 i Rosendal var kjelda til at heile bygda kunne få straum og lys i heimane. Det var 24 grunneigarar som meinte dei hadde rettar i elva som stod bak.

– Dei samla seg og stifta selskapet i januar i 1914, og alt i november hadde dei straum, seier Eirik Skåla som er dagleg leiar i Rosendal Elektrisitetsverk AS.

Han fortel at det fanst eit lite kraftverk i Skålafjøra først, men at i stor målestokk var dette det første kraftverket i bygda.

– Dei såg kanskje at det var ein forretningsmogelegheit, men det viktigaste var å få lys, seier han.

Møtte motstand

Straumen i dag er uventa effektiv og god, og skjer det noko får me melding om det, og folk rykkjer ut og reparerer.

Harald Mehl

Kraftstasjonen hadde drift frå 1914 fram til om lag 1937, då den brann ned, truleg grunna eit lynnedslag. Eit nytt kraftverk kom i 1939, og går framleis.

I byrjinga var det likevel ikkje alle som var for at ein skulle få straum til bygda.

– Gardane på austsida av elva var eigd av baroniet, så baronen meinte han hadde størst rettar i elva og sette seg i mot utbygging av eit elektrisitetsverk, seier Eirik Skåla.

Gamle kraftverket i Rosendal

GAMLE: Ruinane etter det gamle kraftverket som vart bygd i 1914 i Rosendal.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette lét ikkje dei andre grunneigarane seg stoppe av, for det stod fem kvernhus på andre sida av elva, og dei meinte at dei kunne nytte same vatnet til å produsere straum, seier han.

Ein avtale blei gjort kverneigarane, og bygginga vart sett i gang. Kort tid etter kunne Rosendal få lys i heimane, men straumen måtte delast på.

Om vinteren då det var lite vatn var det tider med rasjonering.

– Strakk ikkje til

Harald Mehl

MIMRAR: Harald Mehl hugsar godt korleis straumen kunne komme og gå då han var ung.

Foto: Tale Hauso / NRK

Harald Mehl er 89 år gamal, og han hugsar godt spenninga som var rundt elektrisitetsverket, lyset og straumen då han var ung.

– Straumen kunne vera vekke i dagevis. Den strakk ikkje til. Det var for lite straum, og dei prøvde å dele på det. Det var få som hadde så mykje at dei hadde ein kilowatt, seier Mehl.

– Det gjekk 60–70 år før straumen var stabil. Dei fekk først skikk på det då dei fekk samkøyring med Kvinnherad Kraftverk, seier han.

– Uventa effektiv

"Nye" kraftverket som framleis går, Rosendal

GÅR FRAMLEIS: Dette kraftverket vart bygd i 1939, og går den dag i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Harald Mehl har jobba til og frå på Rosendal Elektrisitetsverk i ein 50-årsperiode, og han fortel om at det ofte var driftsforstyrringar, og at linjenettet ikkje tolte for mykje vind.

– Det var ikkje slik som no, at straumen er like sikker som sola. No er ikkje straumen noko særleg vekke, seier Harald Mehl.

– I dag tar me det som ei sjølvfølge at ein har straum og vatn og alt slikt. Straumen i dag er uventa effektiv og god, og skjer det noko får me melding om det og folk rykkjer ut og reparerer, legg han til.