Hopp til innhold

- Ein breier ikkje over ein dunge med møkk

Tidlegare ordførar på Fedje meiner Kystverket tar på seg eit svært stort ansvar når dei vel å la ubåtvraket liggja på havbotnen.

U-864 ved Fedje
Foto: Geoconsult/Kystverket

I dag vart det klart at Kystverket ikkje vil heva vraket av den tyske ubåten U-864.

- Dette er ei svært dårleg løysing, eller sagt med andre ord, ikkje ei løysing i det heile. Det er som om eg skulle hatt ein dunge med møkk på plenen min og berre breia over den. Då går den sjølvsagt ned i jorda, seier tidlegare ordførar på Fedje, Erling Walderhaug til NRK Hordaland.no.

Les også: Difor vil dei ikkje heve

Ikkje uventa

Kystverket vil dekkja vraket med eit ein meter tjukt lag av sand og grus over eit 30 mål stort området. Det skal halda ubåtvraket tett i 3400 år.

Les heile rapporten frå Kystverket her | Sjå video av heile pressekonferansen her

Walderhaug er slett ikkje overraska over avgjerda til Kystverket.

Erling Walderhaug

Erling Walderhaug

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Kystverket har brukt seks år på og finna ut at de skal seia nei til heving. Det er ubegripeleg at dei kan gå for ei slik løysing, men dei hadde allereie bestemt seg. Mot uvitande så kjempar sjølv gudane forgjeves, seier Walderhaug som legg til at dei ansvarlege tek på seg eit svært stort ansvar med denne avgjerda.

- Antakeleg dyrare

Den tidlegare ordføraren og mangeårige losen på Fedje, meiner problemet berre vert utsett ved å dekkja til vraket.

- Problemet må takast ved rota. Slik eg forstår det så bli jo vraket berre dekka til på eine sida. Eg trur heller ikkje at løysinga vert

Eg trur det fortsatt vil vera stor angst i folket.

Marie Karlsen / NRK

billegare enn å heva vraket. Så det heile er rett og slett uforståeleg for meg.

Skuffa Fedje-folk

Marie Karlsen, leiar i Folkeaksjon for heving av kvikksølvet, er i Oslo og følgjer rapporten frå Kystverket på nært hald. Ho synes ikkje svaret frå Kystverket var godt.

- Eg trur det fortsatt vil vera stor angst i folket. Det er jo jordskjelvområde dette, seier Karlsen.

Marie Karlsen

Leiar for folkeaksjonen for heving av ubåten. Marie Karlsen, er sjølvsagt svært skuffa over Kystverket si avgjer i dag.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Sterk politisk misnøye

Stortingsrepresentant Arne Sortevik (FrP) reagerar også sterkt på Kystverket si avgjerd i dag.

- Det er beklageleg, men ikkje direkte overraskande at Kystverket heldt fast på si opphavelege tilråding om at kvikksølvet som ligg i vraket etter ubåt U864 skal dekkjast til, seier Sortevik, som er medlem i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Han minnar om at Regjeringa våren 2007 gjekk inn for snarleg tildekking av vraket, men at dette forslaget vart stoppa av FrP.

- Det er svært beklageleg dersom Regjeringa igjen vel tildekking. Men denne saka har vist at det nyttar å kjempa politisk, også mot ei fleirtalsregjering, så det er ingen grunn til å gje seg, meiner Sortevik.

Skuffa og vonbrotne

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er heller ikkje nøgd med avgjerda om at ubåtvraket ikkje skal hevast.

- Vi er svært skuffa og vonbrotne. Innkapsling av kvikksølvlasta på 65 tonn er ikkje noko fullgod løysing eller eit permanent miljøtiltak. Vi skal kjempa vidare for ei heving av ubåtvraket, lovar fylkesordføraren.

Selsvold Nyborg meiner avgjerda no fører til at Noreg misser truverde som miljønasjon.

- Avgjerda fjernar verken problemet eller frykta. Vi vil ikkje kjenna oss heilt trygge før kvikksølvet er fjerna frå havet. Då må ubåtvraket hevast og kvikksølvet handterast på land. Vi veit det kostar mykje å få heva ubåtvraket, men kostnadane på lang sikt fryktar me vil verta langt større. Teknologien for å heva ubåtvraket utan lekkasjar, og å få med alt botnslammet, finst i regionen vår i dag, sier fylkesordføraren som hevdar at Kystverket ikkje har lytta til andre fagmiljø, folkeaksjonen, eigne fylkeslag eller regjeringskollegaer i denne saka.