NRK Meny
Normal

Følgde ikkje godt nok opp underernært pasient

Ei dement kvinne skulle få hjelp med måltida av heimesjukepleia, men blei likevel underernært. Kvinna blei ikkje følgt opp på forsvarleg vis av Bergen kommune, slår Fylkesmannen fast.

Då den demente kvinna som budde heime fekk avslag på omsorgsbustad og plass på aldersheim, fekk kommunen ei klage frå familien til kvinna. På grunn av det som kom fram i klagesaka, opna Fylkesmannen tilsynssak mot Bergen kommune.

No har dei konkludert med at kvinna ikkje har vorte følgt opp på forsvarleg vis.

– Heimesjukepleia har ikkje følgt opp ernæringstilstanden til denne kvinna. Dei har følgt for dårleg med på ein sårbar pasient, seier rådgjevar hjå Fylkesmannen, Beate Helland.

Vog på det minste 41,5 kilo

Den demente kvinna fekk heimesjukepleie fleire gonger i døgnet. Dette omfatta hjelp til måltida. Likevel vart ho underernært, og vekta hennar gjekk stadig ned. I januar 2012 vog kvinna 48 kg. I oktober same året hadde ho gått ned 4 kg, og vekta heldt fram med å gå ned til ho i mai 2013, vog 41,5 kilo.

Fylkesmannen har konkludert med at heimesjukepleia har brote kravet til forsvarleg verksemd.

– Bergen kommune har eigne retningslinjer dei må følgje, som er i tråd med dei nasjonale retningslinjene. Men i denne saka ser me at dei ikkje følgjer sine eigne reglar, seier Helland.

– Heimesjukepleia har ikkje gjort jobben sin

Leiaren for etat for heimesjukepleie i Bergen kommune, Hilde Heggelien, seier Fylkesmannen har rett i konklusjonen..

– Heimesjukepleia har ikkje gjort jobben sin. Me har ikkje forsikra oss om at dei tilsette har fått tydeleg nok beskjed om kva det var denne kvinna trengde.

Ho seier det er leiinga i heimesjukepleia som har ansvaret for at kvinna ikkje blei følgt godt nok opp.

– Me er flinke til å vege og måle brukarane, men me ser ikkje situasjonen over lengre tid. Denne gongen var me ikkje gode nok på heilskapsvurderinga.

Heggelien seier det generelt kan vere utfordrande å passe på at demente får i seg den maten dei skal.

– Demente er kanskje den mest sårbare pasientgruppa me har. Gjennom denne saka har me fått eit eksempel som syner at dette er ei pasientgruppe me må vere ekstra merksame på.

– Saka er blitt tatt opp på leiarmøte og personalmøte hjå heimesjukepleia. Det er blir gjort tydeleg kva oppgåver folk har, og at alle må dokumentere det dei gjer.

Særskilt høg risiko for å bli underernærte

Ein forskingsartikkel frå 2012 syner at halvparten av heimebuande eldre med demens og kognitiv svikt var underernærte eller stod i fare for å bli det. Dette gjaldt sjølv om dei fekk hjelp av kommunen.

Tala er alvorlege, stadfestar Beate Helland hjå Fylkesmannen.

– Me har hatt fokus på ernæring i mange år. Det er avgjerande at helsepersonell er kjent med risikofaktorar for underernæring. Dei må kunne setje i gong nødvendige tiltak for å forhindre alvorleg underernæring og sjukdom som ei følgje av det.

Byråd for helse- og omsorg, Hilde Onarheim seier kommunen tek konklusjonen til Fylkesmannen på alvor.

– Det er trist at me ikkje klarte å følgje opp denne kvinna godt nok. Det kan vere ulike årsaker til det, men her må me berre gå gjennom rutinane og sjå kva som har skjedd.

– Dette tek me på alvor. Når rutinane ikkje blir følgt, skal me betre på det.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.