Hopp til innhold

Fastlegar lei av «sekretæroppgåver» frå sjukehusa: – Dei må skriva sjukmeldingar sjølve

BERGEN (NRK): Pasientar blir sende tilbake til fastlegen for å få tilvising til same sjukehus. – Frustrerande og tidkrevjande, seier fastlegetillitsvald.

Fastlege Knut-Arne Wensaas

FASTLEGE: Knut-Arne Wensaas er tillitsvald for dei 236 fastlegane i Bergen kommune. Han er oppgitt over oppgåvene som blir overførte frå sjukehusa til hans kvardag.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– No er det meir systematisk. Nesten kvar einaste dag kjem det slike bestillingar frå sjukehuset, seier fastlege Knut-Arne Wensaas.

Fastlegeordninga er under press over heile landet. Stress, arbeidspress og fleire ekstraoppgåver er blant årsakene.

På toppen kjem auka oppgåveoverføring frå sjukehusa.

Det forsøker Bergen kommune å gjera noko med. Sidan oktober i fjor har dei bedt alle fastlegane om å melda inn tilfelle der dei opplever å bli tvinga til oppgåver som dei meiner høyrer til sjukehusa.

– Det mest frustrerande og tidkrevjande er når sjukehuslegar overlèt til oss å bestilla ei undersøking hos ein annan spesialist, i staden for å gjera det sjølv. Det er tidkrevjande og tvingar oss til å gjera ei vurdering basert på den vesle informasjonen spesialisten har gitt oss, seier Wensaas.

Fastlege Knut-Arne Wensaas

FRUSTRERT: – Seinast førre veke hadde eg ei sak der ein lege ville senda ein pasient vidare for ny undersøking. Men sjukehuslegen sende pasienten tilbake til meg for tilvising, seier fastlege Knut-Arne Wensaas.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Sekretærar for sjukehuslegane

Til no har 18 fastlegar sendt til saman 28 avviksmeldingar.

– Opplevinga er at fastlegane blir gjort til sekretærar for sjukehuslegane, seier direktør for Etat for helsetenester i Bergen, Brita Øygard.

I fleire brev til Helse Bergen har kommunen trekt fram det dei kallar «uønskte oppgåveoverføring», oppgåver som i prinsippet fell mellom det som tradisjonelt sett har vore fastlegeoppgåver og ansvaret til spesialistane.

«(...) oppgaveoverføringer medfører unødvendig ekstra belastning, tidsspille og irritasjon hos både pasientar og fastlege», heiter det i eitt av dei mange breva.

Dette er døme fastlegane har meldt inn:

  • fastlegen får ansvar for å skriva reseptar som spesialisthelsetenesta har bestemt at dei skal skriva
  • pasienten må oppsøka fastlegen for å få sjukmelding etter å ha vore innlagd på sjukehus
  • sjukehuslegar ber fastlegen om å tilvisa pasientar til andre avdelingar, ofte på det same sjukehuset, i staden for å gjera det sjølv
  • fastlegen blir beden om å overta kompliserte og krevjande oppgåver utan at dette er avtala og utan opplæring
Etatdirektør Brita Øygard i Bergen kommune

LEI: Etatsdirektør Brita Øygard såg ingen annan utveg enn å melda inn alle tilfella til Helse Bergen. – Eg spurte om eg skulle slutta, men dei ville gjerne få tilsendt alle døma. Eg trur dette var ein augeopnar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Kanskje ikkje hatt heilt oversikt

Målet er å gjera kvardagen enklare for fastlegane, meir oversynleg for pasientane og for å få på plass ein tydlegare avtale mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

I dag regulerer lover og forskrifter kva oppgåver som skal ligga til helseføretaka og kommunane. Det finst likevel gråsoner.

– Desse har me kanskje ikkje snakka godt nok om. Me har nok heller ikkje hatt ein struktur for korleis me skal dela på desse oppgåvene, seier viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster.

Møgster vedgår at dei sjølve ikkje har hatt ei systematisk oversikt over kva type oppgåver som ikkje er definerte.

Partane har no sett ned eit utval for å sjå på «gråsonene».

– Det er ingen økonomiske grunnar som ligg bak oppgåveoverføringane. Det er heller ikkje mitt inntrykk at det er «for lett» for spesialistlegane å senda desse oppgåvene til fastlegane. Me er nøydde til å ha ei betre samhandling rundt dei oppgåvene som kanskje ligg midt imellom.

Varslar handlingsplan og full evaluering

Stortinget har vedtatt at fastlegeordninga skal evaluerast. Først 1. september er rapporten venta levert, får NRK opplyst frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Også finansieringsmodellar for fastlegeordninga er blant områda som skal evaluerast. I tillegg har regjeringa varsla ein handlingsplan for allmennlegetenesta i løpet av våren.

Wensaas opplever at fastlegane og kommunen no har ei felles forståing for problemet.

– Noko må gjerast. Det er gledeleg at kommunen no tar ansvar, og ser at løysingane ikkje lenger kan overlatast til kvar enkelt fastlege. Men det er nøydd til å koma meir pengar til fastlegeordninga slik me ser det.