NRK Meny
Normal

Farvel etter 150 kampar

- Eg er stolt over å ha vore på eit flott lag så lenge, og ikkje minst for å ha opplevd cupsiger med Brann.

Morten Moldskred (t.v.) og Branns Olafur Bjarnason
Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Men i morgon er det slutt - då tek Olafur Bjarnasson farvel med Brann-fansen for godt. Islendingen har spelt 150 kampar for Brann sidan debuten i 2004. Heim til Island tek 35-åringen med seg gull, sølv og bronse frå serien i Norge, og cupmeisterskap.

- Eg har ikkje planlagt noko særskild avskil med fansen, men det blir vel ein runde etter kampen, seier Bjarnasson, som frå 1. august skal trena Grindavik i heimlandet.

- Alt har sin ende

Islendingen seier opphaldet i Noreg og Bergen har vore fantastisk, og legg til at han er svært stolt over å ha vore ein del av laget. Men han trur ikkje kjenslene skal få stikka av med han sjølv om i dag blir siste kampdag:

- Nei, eg er såpass kald og rolig at det går nok bra. Sjølv om det sjølvsagt kan bli litt trist, legg han til.

Siste video

Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.
Programleder: Mariann Reikerås