Hopp til innhold

Farlege planovergangar hindrar bustadbygging

Jernbaneverket nektar folk å byggja hus og hytter langs jernbanen, fordi mange planovergangar er alt for farlege å kryssa.

Jernbaneverket nektar folk å byggja hus og hytter langs jernbanen, fordi mange planovergangar er alt for farlege å kryssa.

RISIKABELT: Denne planovergangen har skapt bry for grunneigarane ved jernbana på Bolstad i Hordaland, som ønsker å bygga nye hus i området.

På Bolstad i Voss kommune har planane om eit byggjefelt med 28 tomter stranda, på grunn av dei strenge reglane.

– Eg oppfattar det som om det er total byggestopp i bygda no. Det er heilt uakseptabelt. Me ligg sentralt i forhold til Bergen og Voss i dag, og vil ligga endå meir sentralt når ny veg og bane truleg kjem, seier Edvard Jarle Bolstad.

Han er ein av grunneigarane som i ni år har hatt planar om bustadtomtene, eit lite steinkast frå Bergensbanen.

Men Jernbaneverket seier det er for risikabelt at endå fleire skal kryssa overgangen, slik den er i dag.

Lars Christian Stendal

MÅ VERA STRENG: Regionalutviklingssjef i Jernbaneverket Lars Christian Stendal seier dei vil prøva å fjerna alle planovergangane i Noreg på sikt, fordi dei er for farlege.

Foto: Ketil Jordan/NRK

Alvorlege ulukker

– Overgangen må sikrast betre. Det er så strengt at me i dag ikkje tillèt at det byggjast nye planovergangar på jernbanenettet i Noreg, seier regionalutviklingssjef i Jernbaneverket, Lars Christian Stendal.

–​ Kvifor er det så strengt?

– Fordi det er der dei alvorlege ulukkene skjer. Me ønsker å redusera desse, og dei siste 20 åra har me hatt ein merkbar reduksjon i ulukker fordi me har fjerna fleire planovergangar.

Spleiselag

Kvart år dør det folk på nokon av dei 3500 planovergangane her i landet. På Bolstad blir utbyggarane bedt om å vera med på spleiselag for å sikra den farlege jernbanekryssinga.

– Det er utbyggarane som ønsker å bygga ut. Noko av kostnadane med å gjera planovergangen meir sikker må dei ta sjølv, meiner Stendal.

Det kan ikkje Bolstad forstå.

– At bustadbyggarane her på Bolstad skal dekka kostnadar med sikring av jernbane er etter mitt syn heilt uhøyrt og heilt uakseptabelt. Det må vera eit statleg ansvar, eller eit samarbeid mellom kommune og stat, seier Bolstad.

Edvard Jarle Bolstad

OPPGITT: Grunneigar Edvard Jarle Bolstad er sterkt ueinig i at han skal vera med å betala for utbetring av planovergangen på Bolstadøyri.

Foto: STEINAR NEDKVITNE / NRK

Vil fjerna alle overgangane

Jernbaneverket legg seg på ei streng linje over heile landet.

– Ja me har vore like strenge over alt. Me ønsker å fjerna alle planovergangar i Norge. Mange er blitt fjerna, men dei som står att er ofte veldig kostbare overgangar. På sikt vil me til dømes legga bruer over alle skjenene i staden.

Når det gjeld Bolstadøyri, er han klar på at overgangen er svært risikabel.

– Oslo-toget kjem ut av tunnelen med ein fart på 100 kilometer i timen. Det betyr at om nokon er på overgangen, så kjem ikkje toget til å klara å stoppa før lenge etter Bolstadøyri.