Hopp til innhold

Farleg leik i heisekran

Politiet måtte rykka ut då ein gut klatra opp i ei heisekran i Ytrebygda.

Ifølgje Bergens Tidende klatra guten i 13-årsalderen til topps i den 50 meter høge krana medan to kameratar tok mms-bilete.

Det var naboane som melde frå om den livsfarlege klatringa.

Heisekrana er i området i samband med bygginga av nye bustader i Steinsvikhagen.

 

13-åringen kom seg ned frå krana før politiet kom fram til staden.