Hopp til innhold

Farleg gods og brot på kviletida

Vegvesenet delte ut sju bruksforbud og anmeldte tre sjåførar i ein tungbilkontroll på Seljestad i går. Mellom dei som vart anmeldt var ein sjåfør som hadde manipulert fartsskrivaren med ein magnet. Det vart også funne brot på køyre- og kviletida.