Hopp til innhold

Fargespill 10 år: – Det har blitt ein del av meg

Fargespill feira 10-årsjubileum i Grieghallen søndag. For Mona Ibrahim vart prosjektet redninga hennar.

I Grieghallen i bergen

SJÅ VIDEO: Mona Ibrahim har vore ein del av Fargespill i seks år. I år er prosjektet 10 år gamalt, og hadde framsyning i Grieghallen i Bergen i kveld.

AMUNDSEN CHRISTIEKONFERANSEN

VARIERT: Fargespill består av 80 barn og unge frå 30 forskjellige land

Foto: Paul S. Amundsen / Paul S. Amundsen

– Når eg først kom til Norge skjønte eg ikkje mykje. Eg kunne ikkje norsk, eg hadde problem på skulen og så vidare. Så vart eg med her og følte meg plutseleg heime, seier Ibrahim til NRK.

Vi møter ho i gangane bak scena i Grieghallen i Bergen. Om svært kort tid skal ho på scena for sjette gong. Ho skal mellom anna opptre med ein somalisk joik ho lærte av bestemor si.

– Eg gler meg verkeleg. Det er mykje spenning i kroppen, smiler Ibrahim.

Sjå video frå kveldens framsyning øvst i saka!

Har hausta ros og prisar

Ole Hamre

Kunsnerisk leiar Ole Hamre

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fargespill feirar i år 10-årsjubileum. Barn og ungdom frå heile verda, inkludert Norge, deltek. Prosjektet fekk sin debut under Festspillene i Bergen i 2004 og har sidan den gong hausta mykje ros.

I dag er Fargespill eit heilårsprosjekt med framsyningar over heile landet.

– Det har vakse, det er blitt kjempesvært og mykje betre. Både som prosjekt og som førestilling. Om ti år er vi sikkert enno betre igjen, smiler kunstnerisk leiar Ole Hamre.

Tidlegare i år vart dei tildelt Barnerettighetsprisen.

– Blitt ein del av min identitet

I førestillinga får barn og unge gjennom song og dans vise fram kven dei er og kor dei kjem frå. For Mona Ibrahim, som har delteke i seks år, vart dette svært viktig då ho kom til Norge.

– Fargespill er blitt ein del av min identitet. Eg visste ikkje eg kunne synge før eg vart med her. I prosjektet blir du sett på som ein ressurs, der du kan presentere kulturen din og der alle er interessert i å læra.

Ho veit ikkje kor mange år ho blir med på førestillinga men årets framsyning blir i alle fall ikkje den siste.