Hopp til innhold

Farfar bygde eige busskur til Amalie (7)

STORD (NRK): I vêr og vind sto Amalie Taranger Litlabø og venta på skulebussen utan tak over hovudet. Så fekk farfar ein idé.

Amalie Taranger Litlabø

UVANLEG HALDEPLASS: Amalie Taranger Litlabø har kanskje det finaste busskuret i landet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Eg pleier å sitte her sånn at eg ser når bussen kjem!

Amalie Taranger Litlabø går i 2. klasse ved Litlabø skule på Stord. Ved vegen er det ikkje noko busskur, så ho har stått ute i allslags vêr og venta.

Men sist veke kom farfar, Svein Litlabø, trillande ned til vegen med ei overrasking, skriv avisa Sunnhordland.

– Me har jo hatt skuleungar sjølv her, men det har aldri vore noko busskur. Som far og no bestefar har det vore vondt å sjå på dei stå ute i regnet.

Amalie Taranger Litlabø og Svein Litlabø

SAMAN I BUSSKURET: Amalie Taranger Litlabø og farfar Svein Litlabø.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Gamal hestekjerre

Han tok ei gammal hestekjerre han hadde ståande og byrja snikra. Etter eit par-tre dagar var det vesle raudmåla huset klart.

Namnet på skuret har blitt «bussventaren», med eigen benk, store vindauge og kvitmåla lister.

Høyr radiosaka om Amalie her:

– Eg trudde det skulle bli eit heilt vanleg busskur. Eg visste ikkje at busskuret skulle bli lagd ut av ei hestevogn, seier Amalie oppglødd.

Men ser bussen deg når du sit her?

– Når eg ser bussen då går eg ut av busskuret og bort til vegen.

Og kva sa bussjåføren då han såg busskuret?

– Han sa: Så fint busskur du har, seier Amalie og smiler.

Busskur av hestekjerre

STORE VINDAUGE: Det ny busskuret er vakkert frå alle kantar. Her sett frå baksida.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Manglar busskilt

Farfar har planta blomar rundt skuret, og laga to steintroll til det unike busstoppet. Men pyntinga er ikkje ferdig.

– Det hadde vore frykteleg kjekt å få på plass eit skikkeleg skilt til å henge opp som viser at det er eit busstopp. Kanskje vi finn noko som kan brukast.

Og om du lurte: Det er ikkje berre Amalie som kan bruke busskuret.

– Det er til bruk for alle som soknar til det, seier farfar Svein.