Hopp til innhold

Legane varsla politiet – foreldre sikta for vald

Då det seks veker gamle barnet vart lagt inn på sjukehus med hovudskadar, slo legane alarm. No er faren fengsla i fire veker, medan mora vert framstilt for fengsling i morgon.

Politiadvokat Inger-Lise Høyland

VART VARSLA AV HAUKELAND: Politiadvokat Inger-Lise Høyland under dagens fengslingsmøtet. Politiet gjekk til aksjon då legar ved Haukeland slo alarm om hovudskadar på ein seks veker gamal baby.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Politiadvokat Inger-Lise Høyland og advokatfullmektig Mads Berven

Politiadvokat Inger-Lise Høyland og forsvarar Mads Berven i samtale før fengslingsmøtet tysdag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Begge nektar straffskuld. Det var natt til sundag at politiet i Hardanger arresterte foreldra til barnet. Då hadde deira seks veker gamle baby blitt sendt til Haukeland sjukehus.

– Vi vart varsla av legane på barneklinikken seint laurdag kveld, om at dei hadde fått inn eit barn med store hovudskadar. Skadane er forenlege med vald mot hovudet, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Politiet gjekk til aksjon same kveld og arresterte foreldra.

Fengsla i fire veker

Faren til barnet vart framstilt for fengsling i dag. Av praktiske årsaker gjekk fengslingsmøtet for Nordhordland tingrett.

Politiet bad om fire veker med brev og besøksforbod for mannen, og fekk medhald i det.

– Vi meiner det er fare for bevisforspillelse og vi har mange avhøyr igjen. Meir i detalj kan eg ikkje gå, av omsyn til etterforskinga, held Høyland fram.

– Nektar straffskuld

Både mor og far til barnet nektar straffskuld. Advokatfullmektig Mads Falck Berven forsvara mannen under fengslingsmøtet i dag.

– Generelt vil eg seia at å bli møtt med ei slik sikting er veldig krevjande, sa ein ordknapp Falck Berven til NRK før fengslingsavgjerda frå tingretten kom. Berven bad om at hans klient vart sleppt fri.

– Eg vil ikkje seie noko meir konkret. Vi bad om at min klient blir sleppt fri. Den sikta tenkjer mest på korleis det går med barnet.

Fengslinga vil bli anka, ifølge NTB. Mor til barnet blir framstilt for fengsling i morgon føremiddag.