Hopp til innhold

Fare for kvaleksplosjon

Ein stranda kval bles seg opp på grunna på Sandøy i Fjell kommune utanfor Bergen. – Snart kan innvolane sprute ut, åtvarar kvalekspert.

Kval på Sandøy

OPPDAGA KVALEN: Øyvind Turøy oppdaga kvalen frå heimen sin, og tok båten ut for å sjå kva det var. I båten sin sonen til Øyvind Turøy, Olai, og naboen til Øyvind.

Foto: Øyvind H. Turøy / NTB scanpix

Det var Bergens Tidende som først skreiv om den døde kvalen som Øyvind Turøy oppdaga i fjøresteinane på Sandøy i Fjell kommune.

– Gutungen min på ni år lurte på om eg var heilt sikker på at kvalen var død, seier Øyvind Turøy til NRK.

Henta sonen og naboen

Etter at Øyvind Turøy oppdaga kvalen har familien hans varsla Fiskeridirektoratet om saka. Då Turøy såg kvalen lurte han på kva det var.

– Eg såg noko som såg rart ut i terrenget. Eg tok kikkerten, og såg det var noko som ikkje stemte. Då tok eg båten ut for å sjekke kva det var, seier Turøy.

– Først reiste eg ut åleine for å sjekke kva det var, og då såg eg at det var ein kval. Då køyrde eg inn att og henta sonen min og ein nabo, slik at dei også skulle få sjå den, seier han.

Blir større og større

Ifølgje Øyvind Turøy er kvalen mellom ti og 15 meter lang, og då han såg kvalen låg den med buken opp. Kvalen blir stadig større, og den står i fare for å eksplodere.

Kvalar som dør naturleg vil som regel bli angripe etterpå, og blir spist av hai eller spekkhoggar, eller andre dyr, og då vil dei søkke, seier kvalekspert og fysiologiprofessor Lars Walløe frå Universitetet i Oslo til NRK.

– Viss det ikkje skjer blir det danna gass, og då vil dei flyte opp, slik som her. Dersom nokon hadde stukke hól på den med ein kniv eller noko, kunne dei fort fått ein sprut av innvolar på seg, seier Walløe.

Walløe seier kvalen kan vera ein finnkval eller ein knølkval.

– Det er mest sannsynleg ein finnkval, men då eg ikkje kan sjå sveivene på den, så er det vanskeleg å slå fast om det kan vera til dømes ein knølkval. Halen ser ut som ein finnkval, og både knøl- og finnkval er vanlege i våre farvatn, seier han.

– For ein finnkval vil kvalen vera ung, ut frå storleiken, men dersom det er ein knølkval så vil ein vaksen kval vera på den storleiken, legg han til.

(Saka held fram under biletet)

Stranda kval

SVÆR: Kvalen er mellom ti og 15 meter lang. Den er truleg fylt med gass, og innvolar kan tyte ut dersom det kjem hól på den.

Foto: Øyvind H. Turøy / NTB scanpix

Luktar vondt

Øyvind Turøy trur kvalen har komme inn til fjøra på Sandøy då det var storm i førre veke.

Turøy reagerte ikkje han så mykje på den døde kvalen, sjølv om det var første gong han såg noko slikt.

– Det er ganske vanleg at kvalar flyt opp når dei blir fylt med gass, så eg tenkte ikkje noko spesielt over det, men det lukta ikkje godt, seier han.

– På lang avstand kjente me ikkje lukta, men då me kom på den sida av kvalen der vindretninga bles, så var det berre å komme seg vekk, legg han til.

Kvalen skal ikkje vera til fare for folk då den ligg i eit aude område.