NRK Meny
Normal

Får verdas største pris innan samfunnsforsking

Vinnaren av årets Holbergpris meiner at vi kan forstå vårt eige samfunn gjennom dinosaurane i Jurassic Park.

Denne veka får Marina Warner ein av verdas største prisar innan samfunnsforsking, nemleg Holbergprisen.

VIDEO: Sjå intervju med Holbergprisvinnar Marina Warner.

– Det er ikkje tinga du eig som definerer kven du er. Det er tankane dine som gjer deg til den du er, seier forfattar Marina Warner.

Populærkulturelle forteljingar, eventyr og mytar. Warner har via livet sitt til forsking på desse, og blant anna korleis dei bestemmer kva kjønnsroller vi kan velja.

Denne veka får ho ein av verdas største prisar innan samfunnsforsking, nemleg Holbergprisen.

Skjult ideologi

Warner skriv om historia vi fortel kvarandre. Til dømes meiner ho at det at dei mest vondskapsfulle dinosaurane i filmen Jurassic Park, var kvinner, og det seier noko om kvinnesyn.

Sigmund Grønmo

NØGD: – Ho får prisen for sin originale, interessante og framifrå forsking om mytar, framsyningar, forteljingar og eventyr, seier Sigmund Grønmo, styreleiar i Holbergprisen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Dei såg desse velociraotorane som kvinner. Då slo det meg at dette er eit døme på skjult ideologi, seier Warner.

Pris på 4,5 mill

Denne veka får den engelske forfattaren ein av verdas største prisar for samfunnsforsking.

– Ho får prisen for sin originale, interessante og framifrå forsking om mytar, framsyningar, forteljingar og eventyr, seier Sigmund Grønmo, styreleiar i Holbergprisen.

Holbergprisen er på 4,5 millionar kroner. Det er pengar Warner vil bruka til å ta vare på flyktningane sine eventyr og mytar.

Ikkje treng å uroa seg

Ho meiner det er eit arbeid som må skje i flyktningleirane, der flyktningane skal få augneblikk av fridom kor dei ikkje treng å uroa seg over kleda dei må vaska eller om barna er trygge og har tak over hovudet.

– Draumen min er å ha nokre som fortel eventyr, syng songar og speler spel, seier Warner.

Prisen vert overrekt i Bergen den 10. juni.

Siste video

Slik ser det ut når 574 gensere med sitater fra Ibsens Peer Gynt går i tog.
Kirken ble plukket ned i 1841, i 1844 sto den på plass i Polen.