Hopp til innhold

Overgrepsoffer får traume når overgriparen slepp fri

Den overgrepsdøme «Lommemannen» kan verte prøvelauslaten. – Dette kan skape traume og sterke reaksjonar hos ofra, seier leiar ved Senter mot incest og overgrep.

Senter for incest og overgrep om lommemannsaka

Ein psykiatrisk rapport konkluderer med at overgrepsdømde Erik Andersen (62) kan verte prøvelauslaten.

I 2010 blei den no 62 år gamle bergensaren dømt til forvaring i ti år med ei minstetid på sju år for overgrep mot i alt 66 gutar.

Ofra for den såkalla lommemannen, Erik Andersen, får det tøft om han kjem ut av fengselet, seier Grace Ellen Gjuvsland, leiar ved Senter mot incest og seksuelle overgrep (Smiso).

– Våre erfaringar er at det alltid vil vere ei ekstra belasting når nokon vert lauslaten. Me ser at traume dukkar opp att og at den som er utsett for overgrepet vil få sterkare reaksjonar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grace Ellen Gjuvsland

ALLTID EI EKSTRA BELASTNING: Traume dukkar opp att hos ofra, seier leiar ved Senter for incest og seksuelle overgrep, Grace Ellen Gjuvsland.

Foto: NRK

Meiner risikoen for nye overgrep er liten

Den ferske psykiatrirapporten hevdar risikoen for overgrep no er så liten at Andersen kan setjast fri på visse vilkår.

Psykiater Randi Rosenqvist stadfestar konklusjonen, men ønskjer ikkje å kommentere saka ut over det.

Den overgrepsdømde 62-åringen har sjølv bedt om prøvelauslating til sommaren, då han har sona minstetida på sju år.

Andersen sin advokat, Gunhild Lærum, seier Andersen har jobba hardt for å endre åtferda si.

– Det har gått fleire år og han har gått i terapi og nytta seg av alle dei tilboda han har fått. Han føler sjølv at han har kontroll over den type åtferd han er dømt for.

No blir det truleg peika ut to sakkunnige som vurderer saka. Så blir spørsmålet sendt over til retten for vurdering, fortel forsvararen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunhild Lærum.

– HAN FØLER HAN HAR KONTROLL OVER ÅTFERDA: Det seier forsvarar for Andersen, Gunhild Lærum.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Reagerer sterkt på rapporten

Bistandsadvokat for to av ofra i «Lommemann-saka» Line H. Ingebrigtsen er kraftig ueinig i konklusjonen i rapporten.

Ho meiner ei lauslating vil spreie frykt blant dei som har blitt utsett for overgrepa.

– Eg reagerer sterkt på denne rapporten fordi dette er ein person har stor risiko for å få tilbakefall. Risikoen for at andre skal bli utsett for overgrep er stor, seier Ingebrigtsen.

– Ei lauslating er ikkje forsvarleg. Han har mange, mange offer som han blei domfelt for, og han utgjer ein allmenn risiko.

LES OGSÅ: – Ingen diagnoser er hugget i stein - NRK – Norge