Hopp til innhold

Får kraftig refs i ny helserapport

Ulovleg bruk av millionar av kroner og manglande kontroll med arbeidsvilkår. Det er nokre av funna i ein fersk undersøking av dei private helsetenestene i Bergen. – Svært alvorleg, meiner opposisjonen.

Hilde Onarheim

FÅR KRITIKK: Opposisjonen er kritisk etter at ein ny rapport frå Deloitte syner lovbrot i kommunens innkjøp av helsetenester frå private leverandørar. Helsebyråd Hilde Onarheim (H) erkjenner at kommunen har forbetringspotensial.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Marte Mjøs Persen

– ALVORLEG: Tydeleg at kontrollsystema ikkje fungerer godt nok, seier Marte Mjøs Persen, fungerande gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret.

Foto: Thomas Anthun Nielsen / NRK

Bergen kommune brukar fleire hundre millionar kroner i året på kjøp av helse- og omsorgstenester frå private leverandørar. Deloitte har sett nærare på innkjøpa og har gjort 15 stikkprøvar frå betalingar i kommunens økonomisystem.

I seks av desse stikkprøvane har dei funne betalingar som er i strid med lova og kommunen si interne retningslinjer, skriv Bergens Tidende tysdag.

– Dette er svært alvorlege funn, seier fungerande gruppeleiar Marte Mjøs Persen for Arbeidarpartiet i bystyret.

Sa opp kontrakten – kjøpte fleire tenester

Eit av lovbrota er at kommunen har kjøpt helsevikartenester frå leverandørar dei ikkje har avtale med.

Frå ein av leverandørane er det snakk om ulovlege anskaffelsar for rundt 20 millionar kroner.

I tillegg avslører rapporten at kommunen har kjøpt tenester frå ein leverandør som tidlegare har fått kontrakten sin sagt opp på grunn av brot på dei tilsette sine løns- og arbeidsvilkår.

Leverandøren det er snakk om her er Konstali Helse. I 2011 sa finansbyråd Liv Røssland til BT at det ikkje var forsvarleg å bruke selskapet.

– Dei har brote avtalen på så mange punkt at vi ikkje kan halde fram med avtaleforholdet.

Meiner kommunen må rydde opp

Men det hindra ikkje Bergen kommune å bruke 1,6 millionar kroner på vikartenester frå Konstali i 2012 og 2013.

– Byrådet sel retten til å levere helsetenester til barn, eldre og sjuke, men dei har ikkje kontroll på kvaliteten. Eg håpar helsebyråden tek ansvar og ryddar opp i situasjonen. Det er tydeleg at kontrollsystema ikkje fungerer godt nok, skriv Mjøs Persen i Ap i ei pressemelding.

Ho har bedt om full gjennomgang av rapporten under kontrollutvalet sitt møte neste veke.

Ulovlege innkjøp

I tillegg syner altså rapporten at Bergen kommune har kjøpt helsevikartenester frå andre leverandørar enn dei har avtale med. I 2012 gjennomførte kommunen ein open anbodskonkurranse, og plukka ut fem selskap som ville levere vikartenester til kommunen.

Likevel har kommunen i perioden 1. januar 2012 til 1. november 2013 brukt 26,3 millionar kroner på innkjøp frå andre selskap. Ein av leverandørane som tapte anbodskonkurranse var Smart Bemanning. Likevel har dei levert tenester for 20 millionar kroner til kommunen.

Avviser kritikken

Helsebyråd Hilde Onarheim frå Høgre innrømmer at kommunen har eit forbetringspotensial.

– Vi har fått berettiga kritikk for å kjøpt tenester frå leverandørar vi ikkje har avtale med. Det tar vi alvorleg og det er noko vi allereie har tatt tak i. Men rapporten er ingen knusande dom. Den er på 60 sider og gir kommunen mange positive tilbakemeldingar, seier Onarheim til NRK.

Ho avviser kritikken frå Mjøs Persen i Arbeidarpartiet, men erkjenner at innkjøp frå Konstali Helse i 2012 og 2013 var ein glipp.

– Vi er ein stor organisasjon. Tilbakemeldinga om at dei ikkje skulle brukast har nok ikkje nådd ut til alle. Det har rett og slett skjedd ein glipp, held ho fram.

– Mangel på kapasitet

At kommunen har brukt vikarar frå andre enn dei fem selskapa som vann anbodskonkurransen, forklarar ho med manglande kapasitet.

– Det er diverre slik at dei fem avtalepartane ikkje har kunne levert det vi treng av vikarar til ein kvar tid. Då har Smart Bemanning vore i stand til å levere på minuttet, seier Onarheim.

Strykkarakter frå Fagforbundet

Fagforbundet er også kritisk til funna i rapporten. Dei meiner byrådet bagatelliserer rapporten og at dei «sviktar i oppgåva som arbeidsgjevar».

- Vi har fleire gonger meldt vår uro ovanfor kommunen når det gjeld løns- og arbeidsvilkåra for innleigde helsevikarar i Bergen kommune. Vi meiner kommunen verken har ressursar eller moglegheit til å føre tilstrekkeleg kontroll med aktørane. Det er ein alvorleg situasjon både med tanke på sosial dumping og kontroll av offentlege midlar, seier leiar Sara Bell i Fagforbundet i Bergen.