Får statsstøtte til elektrisk hurtigbåt i norske byar

Om få år kan Oslo, Bergen og Stavanger få verdas første batteridrivne hurtigbåtar. Staten har no gitt 20 millionar kroner til pilotprosjektet.

Illustrasjonsvideo: NCE Maritime Clean Tech

VERDAS FØRSTE: Urban Water Shuttle kan bli den første elektriske hurtigbåten i verda. Pilotfartøyet skal etter planen gå i pendlarruta Askøy-Bergen. Video: NCE Maritime CleanTech

– Dette er ein stor dag. No skal me endeleg realisera denne banebrytande teknologien. Her er potensial for store klima- og miljøgevinstar for tettbygde strok verda over.

Det seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech, ei næringsklynge med 60 bedrifter frå Bergen til Stavanger.

– Samtidig sikrar det meir aktivitet for bedriftene her i vest. Dette vil styrka Noregs verdsleiande posisjon i maritim næring.

Utsleppsfri sjøtrikk

Den hurtiggåande elektrisk drivne båten blir av utviklarane karakterisert som ein slags «fjordbybane» eller «sjøens Tesla». Målet er på sikt å erstatta dei dieseldrivne hurtigbåtane langs norskekysten og andre stader i verda.

Leiar i Maritime CleanTech, Hege Økland

GJENNOMBROT: Næringsklynga NCE Maritime CleanTech og dagleg leiar Hege Økland får 20 millionar kroner frå staten til å designa ferdig ein batteridriven hurtigbåt.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Etter å ha jobba i fleire år med det dei kallar Urban Water Shuttle, har dei no fått 20 millionar kroner i statleg støtte til design- og utviklingsfasen. Pengane kjem frå programmet Pilot-E – eit finansieringstilbod for norsk næringsliv, etablert av Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Enova.

På sikt kan dei få ytterlegare midlar frå Enova når pilotfartøyet skal byggjast.

Pilot i Bergen

Dette er gjennombrotet som gjer det mogleg å produsera verdas første elektriske hurtigbåt for passasjertransport – like stor og rask som dagens hurtigbåtar.

Planen er at den første versjonen av skipet skal overta etter dagens lokalbåt i pendlarruta over Byfjorden mellom Askøy og Bergen sentrum.

– Den kan vera i drift innan eit par år. Me har aldri vore så nær som no at dette blir realisert, seier Økland.

Pilotfartøyet skal byggjast av dei tre sunnhordlandsbedriftene Wärtsilä, Fjellstrand og Servogear saman med Hydro, Grenland Energy, CFD Marine og Sapa.

Fjellstrand er verftet som bygde Ampere – verdas første batteriferje – som går på sambandet Lavik-Oppedal på Sognefjorden.

Så: Oslo, Stavanger og verda

Utviklarane tenker også at «sjøtrikken» om få år kan erstatta Nesoddferga på Oslofjorden og gå på lokalstrekningar ved Stavanger.

Urban Water Shuttle

NY NESODDFERGE: Pendlarruta inn til Oslo sentrum kan bli erstatta med ein utsleppsfri hurtigbåt.

Foto: Illustrasjon frå NCE Maritime Cleantech

Økland seier ambisjonane på sikt er å levera skip til befolkningstette område også i Europa og resten av verda, med kortare samband både på sjø, innsjøar og elvar.

– Prosjektet gir også samfunnsøkonomisk gevinst ved å overføra meir persontrafikk frå veg til sjø.

Det seier Ingve Sørfonn i Wärtsilä, som er prosjektansvarleg for første fase i realiseringa av båten.

Han peikar på at fartøyet ikkje vil sleppa ut CO₂, svovel eller NOx, og at det blir langt meir energieffektivt og med mindre støy enn konvensjonelle fartøy.

– Eit miljøvenleg transporttilbod er heilt nødvendig for å nå internasjonale utsleppsmål.