NRK Meny
Normal

Får skulda for manglande E16-satsing

Lokalpolitikarane i Hordaland har ikkje prioritert E16 i Hordaland - og difor har ikkje regjeringa teke tak i "dødsvegen" tidlegare.

Kollisjon mellom buss og personbil

ULUKKESVEG: Ein buss og ein personbil krasja på E16 i august, og to mista livet. No rasar debatten om kvifor vegen ikkje blir utbetra.

Foto: Arnstein Karlsen

Det er lokalpolitikarane som ikkje har prioritert E16 mellom Bergen og Voss nok, og difor har den ikkje fått merksemd av Samferdsledepartementet.

Det meiner politisk rådgjevar for samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, Sigrid Brattabø Handegard (Sp).

Gjev skulda til fylkespolitikarane

– Ut frå dei innspela som har kome frå fylkeskommunen når ein har laga Nasjonal Transportplan, så har ikkje E16 stått høgt nok på Hordaland si liste, seier Handegard.

Sigrid Brattabø Handegard

PEIKER MOT HORDALAND: Sigrid Brattabø Handegard meiner det lokalpolitikarane i Hordaland som ikkje har prioritert E16 mellom Bergen og Voss.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto
Fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg.

HAR MÅTTE PRIORITERE: Torill Selsvold Nyborg, nyleg avgått fylkesordførar frå KrF, innrømmer at ho i sine åtte år har måtte prioritere andre prosjekt.

Foto: Ketil Jordan / NRK
Arne Sortevik

- ANSVARFRÅSKRIVING: Det er staten som eig vegen, og staten som har ansvar, meiner stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp).

Foto: Kjetil Rydland / NRK

46 har mista livet på vegen mellom Voss og Bergen sidan ein ny europaveg sto ferdig i 1991. 2011 har vore eit rekordår i talet på dødsulukker, og sju menneske har døydd på vegen i år.

Fylkespolitikarane har rett og slett ikkje vore flinke nok til å fremje saka om større utbetringar på den ulukkesutsette vegen, meiner Kleppa sin rådgjevar.

– For departementet, regjeringa og Stortinget betyr det ein god del kva dei ulika fylka ønskjer å prioritera, seier Handegard.

Kleppa presenterte i går 21 tiltak som skal sikra vegen.

Innrømmer at E16 har hamna i bakevja

Torill Selsvold Nyborg (KrF) var fylkesordførar frå 2003 fram til i haust, og har hatt ansvaret for mange av prioriteringane Hordaland fylkeskommune har måtte gjort. Store prosjekt som Hardangerbrua og Jondalstunnelen har kome i gong, men lite har skjedd med E16.

Nyborg innrømmer at vegen ikkje har stått høgt på lista.

– Når vi kjem inn til samferdselsministeren, så har spørsmålet alltid vore: Kva er viktigast akkurat no?

– Vi har jobba med E39, bru i Hardanger og tunnel til Jondal, og difor har E16 kome litt i bakevja, seier Nyborg.

Sortevik: – Ansvarfråskriving

Men å rette ansvaret mot fylkespolitikarane er ei avsporing frå regjeringa sitt ansvar, svarar stortingsrepresentant Arne Sortevik frå Frp.

Han har sjølv teke opp vegen mange gongar på talarstolen i Stortinget.

– Det manglar ikkje på innspel frå Hordaland. Men først og fremst må ein trekkje fram at dette er staten sin veg. Å peike på at det manglar trøkk og prioritering frå Hordaland er berre ein ansvarsfråskriving.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.