Hopp til innhold

Får sjølv avgjera bygging av skipsverft

Regjeringa seier ja til verft i Hansvågen i Hardanger og legg avgjerda i hendene på Kvam herad.

Neshalvøya

OMSTRIDD: Planane om bygging av nytt skipsverft her i Hansvågen ved Hardangerfjorden er omstridd, på grunn av regionale og nasjonale naturverdiar på halvøya.

Foto: Privat

– Vi ønskjer eit sterkt og levande lokalt sjølvstyre. I denne saka er det naturleg at kommunen sjølv avgjer, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Den førre regjeringa sette ein femårsfrist for planane til Fjellstrand AS, som ønskjer å bygga eit skipsverft i Hansvågen på Neshalvøya ved Hardangerfjorden.

Planane verftsbygging er omstridde på grunn av regionale og nasjonale naturverdiar på halvøya.

Opphevar fristen

Likevel godkjende Miljøverndepartementet i 2009 ein reguleringsplan for nytt skipsverft, med føresetnaden om at området vart ført tilbake til landbruks-, natur- og friluftsområde om ikkje byggearbeidet kom i gong i løpet av fem år.

Hansvågen

Fjellstrand AS sine planar for skipsverft i Hansvågen.

Foto: Norconsult

Femårsfristen gjekk ut i fjor sommar, og før det gjekk Naturvernforbundet ut å kravde stopp i planane medan Kvam herad ville ha forlenga frist.

– Vi opphevar den førre regjeringa sin femårsfrist, slik at kommunen sjølv kan avgjera om det skal leggast til rette for nye arbeidsplassar, seier Sanner til NRK tysdag.

Glad ordførar

– Men er det også nasjonale interesser i denne saka, slik motsegnene viste i førre runde?

– Dei innvendingane vart behandla og avvist av den førre regjeringa i 2009. Vi reknar difor innvendingane som ferdig behandla, svarar Sanner.

– Me set pris på avgjerda frå regjeringa i dag, seier ordførar Asbjørn Tolo i Kvam herad til NRK.

– Det er viktig at kommunen i samarbeid med næringslivet kan legge til rette for areal og utvikling der det er behov. Viss dette vedtaket kan føra til vekst og sikring av arbeidsplassar, så er vi veldig glade for det.