Får ny eigar etter tvangssal

Strand Fjordhotel i Ulvik får ny eigar, etter at eigarselskapet nyleg vart slege konkurs, skriv avisa Hordaland. – Hotellet har vore ein del av Brakanes Hotel Group, der DNB har kome inn som eigar etter konkurs. DNB har hatt såkalla flåtepant, der dei har pant i alle hotella i selskapet. Dette er siste brikka i samlinga av eigedommar i hotellgruppa. No er det i ferd med å verta avklart ny eigar, opplyser bustyrar Johannes Romstad til avisa.